Julekveld med Egil Olsen i Gamle Skrivargarden

Tradisjonen tru pyntar me til jul og inviterar til stemningsfull julekonsert med gamle songar/songskrivar-husbonden sjølv, Egil Olsen. Han debuterte med julesingelen «Wonderful Feel» i 2001, sidan...
19.des
-
kl 20:00

Detaljer

Tradisjonen tru pyntar me til jul og inviterar til stemningsfull julekonsert med gamle songar/songskrivar-husbonden sjølv, Egil Olsen. Han debuterte med julesingelen «Wonderful Feel» i 2001, sidan har jula hatt ein spesiell musikalsk plass i hjartet. Han har skrive fleire julesongar, tolka kjente juleklassikarar på sin heilt eigen måte, og skaper ei unik, sjarmerande og lun julestemning. «Noe av det fineste og mest underfundige vi har – en av landets morsomste liveartister» skriv VG, medan Dagens Næringsliv kallar han «En av landets aller beste låtskrivere». Tidlegare i år slapp han sitt nye album 'Direct Sunlight and Heat'. Egil Olsen er ein liveartist utanom det vanlege. Med sine finurlege historier og «hinsides vakre låter» (Dagbladet), leverar han ei underhaldande, vakker og tankevekkande blanding av humor, alvor og musikalitet. «Egil Olsen er en suveren entertainer» (Erik Valebrokk) Egil Olsen har ei unik evne til å skape nærleik og intimitet i sine konsertar. Med sine sårbare tekstar og sin heilt spesielle og humoristiske kontakt med publikum, blir alle konsertar ei ny og personleg oppleving. Me fyrer i ovnen, set fram julekakene, kokar gløgg og fyller Gamle Skrivargarden med jul og musikk!

Praktisk info

Enjoy-kode: 824391
Type
Konserter
Passer for
Voksne, Barn, Eldre, Ungdom
Kilde
Tikkio

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

Fredag
19/12 2025 kl 20:00
Gamle Skrivargarden 18 Storebakken
I samarbeid med Tikkio

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.