Juleblues 3. juledag

Bratt og Blått inviterer også i år til Juleblues på Stødt Bar&Scene 3. juledag. Vi likar å halde på tradisjonar i jula og reint musikalsk betyr det at Løsjakkene stiller mannsterke også i år. Det...
27.des
-
kl 20:00

Detaljer

Bratt og Blått inviterer også i år til Juleblues på Stødt Bar&Scene 3. juledag. Vi likar å halde på tradisjonar i jula og reint musikalsk betyr det at Løsjakkene stiller mannsterke også i år. Det er som mange veit eit band som på sin særeigne måte presenterer blues og soul klassikarar med godt humør og 'løs jakke'. I tillegg har vi den store ære og glede av å presentere eit nytt band: BAABB. Her snakkar vi om ein gjeng røynde musikarar som likar Bob Dylan og meiner det er på tide at Dylan sine låtar kjem fram i lyset på Stødt Scene. Bandet består av Børre Lødemel, Vidar Johan Vartdal, Trond Are Ryste, Torbjørn Frantsen og Bendik Mork Folkestad. Dette blir med andre ord ein kveld med mykje god og variert musikk, og vi blir nokså forundra om ikkje enkelte kjem til å ha det kjekt også :-)

Praktisk info

Enjoy-kode: 132049
Type
Konserter
Passer for
Barn, Voksne, Ungdom, Eldre
Kilde
Tikkio

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

Lørdag
27/12 2025 kl 20:00
Stødt Bar & Scene Ørsta Taxi Ivar Aasen-gata
I samarbeid med Tikkio

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.