star
star
star
star
star

Jølster Skisenter og Kvamsfjellet - Rundtur

Jølster Skisenter er om sommaren eit mykje brukt område av trimmarar. Kvar haust vert det eldste motbakkeløpet i S&Fj. arrangert. Løpet heiter "Trekktraseen opp" og startar ved varmestova i...
Foto: Anne Cecilie Kapstad

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 796915
Ta av E 39 ved Jølstraholmen. Køyr til varmestova i Jølster Skisenter ved turstart ved første skiheis. Vil du starte turen høgare opp kan du starte turen ved Øygardsstøylen. Køyr opp bilveg mot hyttefelt og øvste skiheis. Dette er bomveg som kostar 50 kr. Bom tek kort.
Type
Turer
Passer for
Ungdom, Barn, Eldre, Voksne
Varighet
3 timer
Lengde
9.2 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Jølster Skisenter er om sommaren eit mykje brukt område av trimmarar. Kvar haust vert det eldste motbakkeløpet i S&Fj. arrangert. Løpet heiter "Trekktraseen opp" og startar ved varmestova i skisenteret, og går "rett opp" trekket til vendehjulet på Bjørkeliaheisen (nedste skitrekket). I tillegg til utsikta, byr Kvamsfjellet på mange artige steinskulpturar og naturskjønne små fjellvatn. Sidan du kan gå denne rundturen etappevis skildrast rundturen som dette.

  1. Du kan velge om du vil starte ved varmestova i Jølster Skisenter (ca 230 moh), eller køyre opp til Øygardsstøylen (ca 450 moh).

  2. Sporet viser start ved varmestova i Jølster Skisenter. Du går "rett opp" trekktraseen til Bjørkeliabakken. Dette er løypa som løpet "Trekktraseen opp" går kvar haust. Kring 15-20 min opp ved gange.

  3. Frå vendehjulet til Bjørkeliaheisen kryssar du skibakkane ved å gå mellom støylshusa på Øygardsstøylen. Dette er rett ovanfor starten på skitrekket Kvamsheisen. GPS-sporet er lagt etter den ruta som gir best utsikt på veg opp til Amfen.Det betyr at du går inn i SuperG-løypa ved mast 3 (ca 530 moh). Følg skitraseen opp til dutek av på tursti mot vest frå ca 650 moh.Om du er på jakt etter å korte ned ruta og gå "rett på sak"kan så velge ågå "rett opp" også denne trekktraseen. GPS-sporet opp mot Kvamsfjellet ligg rett ved vendehjulet på Amfen der du også vil kome dersom du går "rett opp" trekktraseen.

  4. Frå vendehjulet ved Amfen (ca 760 moh) går du på god sti som er delvis merka. Her er det flott fjellterreng å gå i opp til første varde, som er på vestsida av fjellplatået. Varden står på ca 960 moh og har til og med bok! Frå varden har du flott utsikt mot Førdefjella, Halvgjerda og mot Jølstravatnet.

Turen opp til punkt 4 går i godt,oversiktleg og lett terreng i skitrassear og på delvis merka sti. Du kan velge om du går vidare, eller returnerer same veg. Frå varden på 960 moh går du rundturen vidare utan å gå på sti, og utan merking.

  1. Vegen vidare mot høgste punkt på Kvamsfjellet går over fjellplatået i austleg retning. Du går i lett fjellterreng der det er mykje stein og mose. I det kuperte terrenget passerer du mange små fjellvatn. Det artigaste er det store talet på steinar som breen under den siste istida har sett att etter seg. Steinane ligg att som små steinskulpturar over alt oppe på platået. Dette er eit flott område å gå i, men kan vere utfordrande å orientere i ved tåke.

  2. På det høgste punktet på Kvamsfjellet (1034 moh) finn du ein værstasjon i tillegg til ein varde. Utsikta mot Jølstravatnet er flott! Her kan du velje om du vil gå same vegen i retur, eller følgje ruta som er laga som rundtur.

  3. Frå topp-punktet (1034 moh) går du i austleg retning ned att. Det er ikkje st til du kjem inn att på skitraseane i Jølster Skisenter. Frå toppen går du i austleg retning og ned "søkket" under Stordalsfjellet. Frå toppen og ned til kring 850 moh går du i terreng med ein del laus stein. Lurt å vere litt OBS einskilde stader.

  4. Frå kring 850 moh og ned til skitraseen går du inn i myrlendt terreng med mykje bjørkeskog. Nokon vil oppleve dette partiet som "krattete" og vått. Du har stort sett god utsikt til skibakken, og kan orientere retninga di etter denne. Du kan velge om du vil gå over brua inn i skibakken, eller om du set retning mot langrennsløypene og Holtane hyttegrend i noko meir austleg retning.

  5. Når du kjem ned att til bakkane i skisenteret kan du velge om du vil gå ned bilvegen, skitraseane eller følgje dei brattare trekktraseane ned att.

Rundturen slik sporet er lagt tek kring 3-3,5 time for fjellvande. Turen kan lagast til ein enno lenger rundtur i austleg retning ved å slå turen saman med ruta som er laga for Varden og Stordalsfjellet. Om du ønskjer det kan du også gå frå den vestligaste varden (960 moh) og ned til skaret mot Halvgjerda og Slåttestøylen. Begge desse turane er skildra i lenkene som er lagt ved.