star
star
star
star
star

Jodejuvet og Jodekongen

Parkering ved parkeringsplassen i Bjørkedjuvskogen (ved Folkehjelpshytta) eller der du sjølv finn det praktisk. Herfrå går du på vegen ca 300 m tilbakeog svingar inn på vegen som går bort til...
Foto: Ruth Iren Krogevold Sie

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 200936
Kjør av frå RV13 ved Tveit-krysset og kjør vidare på vegen mot Songesand. Ca 2 km etter garden Leidå (nytt hyttefelt og minikraftverk) ser du eit felt med dyrka mark og to uthus på venstre side. . Løypa til Jodejuvet er merka herfrå. Parkering ved Folkehjelpshytta i Bjørkedjuvskogen ca 300 m lenger inne. Eller der du sjølv finn det praktisk.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
30 minutter
Lengde
2.6 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Parkering ved parkeringsplassen i Bjørkedjuvskogen (ved Folkehjelpshytta) eller der du sjølv finn det praktisk. Herfrå går du på vegen ca 300 m tilbakeog svingar inn på vegen som går bort til beiteområdet. Stien til Jodejuvet er merka frå eit lite uthus som står like ved beiteområdet og går først vestover langs elva ca 1 km. Dette kan kanskje virke ulogisk, men vert likevel lettare enn å krysse over dei våte og tunge Livstølmyrane. Over lette bergrabbar går du vidare langs vestenden av Livastølmyrane før du startar på oppstiginga mot Jodejuvet.

Når du har besøkt Jodekongen bør du gå tilbake og nordvestover ut på bråtet mot Riveland. Her får du flott utsyn over Årdal og store deler av Ryfylkefjordane.

Følg same rute tilbake til utgangspunkt for turen.