Jan Eggum - «Så langt har alt gått bra»

Jan Eggum trivst i dei fleste samanhengar. I stort band, lite band, viseduo, jazztrio, filharmonisk orkester, - til og med saman med songkor. Det er likevel noko heilt eige å oppleve Eggum ålene...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
02.apr
2022
kl 20:00

Detaljer

Jan Eggum trivst i dei fleste samanhengar. I stort band, lite band, viseduo, jazztrio, filharmonisk orkester, - til og med saman med songkor. Det er likevel noko heilt eige å oppleve Eggum ålene med gitaren, og gjerne i eit lite lokale. Det er i dei samanhengane ein verkeleg føler at ein kjem tett på mannen og songane hans.

Etter eit travelt og suksessrikt år på vegen med Halvdan Sivertsen er det ei glede å lansere ein turné med Jan Eggum ålene på scena, under den muntermelankolske tittelen «Så langt har alt gått bra». Det er ingen grunn til at det skulle gå noko dårlegare i 2020 når Jan og gitaren skal reise landet rundt med eit repertoar som tar utgangspunkt i hans mange vakre balladar.

Kva meir kan ein ønskje seg? Eit par ekstra billettar, kanskje? For har ein først fått oppleve Jan Eggum ålene, så vil ein sjå han igjen. Og igjen. Og igjen. Velkommen til ein eksklusiv kveld med ein av landets største artistar! På sjølvaste @veslekinnkulturscene i Florø!

Praktisk info

Enjoy-kode: 205641
Type
Konserter
Passer for
Ungdom, Voksne
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.