Detaljer
Jakupscena inviterer til konsert med Martin Steinum Brun frå Vågå. Konserten skjer tysdag 21. oktober kl. 18:30 i Garmo kyrkje i Lom. Ungdomstalent: info kjem. Billettar 200,-/100,-/0,- kjøpast via Tikkio eller i døra. Konsert med Årets unge folkemusikar, Martin Steinum Brun, frå Vågå. Hausten 2024 vart Martin kåra til Årets unge folkemusikar gjennom FolkOrg sitt mentorprogram INTROFOLK. Juryen i INTROFOLK seier følgande om Martin sin konsert som gjorde at han fekk prisen: Martin gav publikum ein variert konsert, der formidlinga held eit ekstremt høgt nivå. Utøvaren eig rommet og tek med publikum inn i si musikalske verd. Han tek originale og spennande musikalske valg, og har eit truverdig og uaffektert nærvær på scena. Publikum fekk ei oppleving både med humoristiske, rørande og gripande augneblikk. På konserten i Lom har Martin med seg eit knippe fantastiske utøvarar på konserten med eit nytt og spennande folkemusikkprosjekt. I tillegg til Martin (vokal) får du møte og høyre: Synnøve Brøndbo Plassen (vokal), Silje Risdal Liahagen (vokal), Vera Sonne (vokal), Tiril Eirunn Einarsdotter (hardingfele) og Tomas Laukvik Nannestad (teorbe). www.jakupscena.no / www.facebook.com/jakupscena / jakupscena@gmail.com Støtta av: Kulturdirektoratet, Innlandet fylkeskommune, Frifond/Norske kulturarrangører, Lom kommune, Regionrådet.
Praktisk info
Sponsede linker
Askeladden navnelapper - rask levering!
Get Inspired - alt i trening og fritid
Magasinet - frilufteksperten siden 1991
Tilgjengelige billetter
21/10 2025 kl 18:15