Jakupscena: Martin Steinum Brun (Garmo kyrkje)

Jakupscena inviterer til konsert med Martin Steinum Brun frå Vågå. Konserten skjer tysdag 21. oktober kl. 18:30 i Garmo kyrkje i Lom. Ungdomstalent: info kjem. Billettar 200,-/100,-/0,- kjøpast via...
21.okt
-
kl 18:15

Detaljer

Jakupscena inviterer til konsert med Martin Steinum Brun frå Vågå. Konserten skjer tysdag 21. oktober kl. 18:30 i Garmo kyrkje i Lom. Ungdomstalent: info kjem. Billettar 200,-/100,-/0,- kjøpast via Tikkio eller i døra. Konsert med Årets unge folkemusikar, Martin Steinum Brun, frå Vågå. Hausten 2024 vart Martin kåra til Årets unge folkemusikar gjennom FolkOrg sitt mentorprogram INTROFOLK. Juryen i INTROFOLK seier følgande om Martin sin konsert som gjorde at han fekk prisen: Martin gav publikum ein variert konsert, der formidlinga held eit ekstremt høgt nivå. Utøvaren eig rommet og tek med publikum inn i si musikalske verd. Han tek originale og spennande musikalske valg, og har eit truverdig og uaffektert nærvær på scena. Publikum fekk ei oppleving både med humoristiske, rørande og gripande augneblikk. På konserten i Lom har Martin med seg eit knippe fantastiske utøvarar på konserten med eit nytt og spennande folkemusikkprosjekt. I tillegg til Martin (vokal) får du møte og høyre: Synnøve Brøndbo Plassen (vokal), Silje Risdal Liahagen (vokal), Vera Sonne (vokal), Tiril Eirunn Einarsdotter (hardingfele) og Tomas Laukvik Nannestad (teorbe). www.jakupscena.no / www.facebook.com/jakupscena / jakupscena@gmail.com Støtta av: Kulturdirektoratet, Innlandet fylkeskommune, Frifond/Norske kulturarrangører, Lom kommune, Regionrådet.

Praktisk info

Enjoy-kode: 277812
Type
Konserter
Passer for
Voksne, Ungdom, Eldre, Barn
Kilde
Tikkio

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

Tirsdag
21/10 2025 kl 18:15
Garmo kyrkje, Lom Nord-Gudbrandsdal vidaregåande skule Lom
I samarbeid med Tikkio

Psst, husk å handle trening- og fritidsklær på Get Inspired

Alle kjente merkevarer. Alltid på lager. Lynrask levering. Alltid kampanjer.