Inngangsbilletter Astruptunet

Den vakre kunstnarheimen til Engel og Nikolai Astrup ligg idyllisk til ved Jølstravatnet.
Foto: Thomas Bickhardt/Bickfoto

Detaljer

Han skapte nokre ikoniske portrett av bygda sin, Nikolai Astrup. Besøker du Astruptunet kan du stå der han sto ved staffeliet, og kjenne på korleis du sjølv vert påverka av omgjevnadene.

Den vakre kunstnarheimen til Engel (1892 – 1966) og Nikolai Astrup (1880 – 1928) ligg idyllisk til ved Jølstravatnet. Nikolai Astrup er ein av Noreg sine mest kjende kunstnarar og har i løpet av dei siste fem åra hatt lanseringar i England, Tyskland, USA og Sverige. Tekstilkunsten til Engel Astrup har dei seinare år blitt løfta gjennom utstillingar, og hennar sentrale rolle på Astruptunet har blitt ein viktig del av forteljinga om kunstnarheimen.

Det pågåande restaureringsarbeidet i hagen vil få fram att livsverket til kunstnaren, og du kan spasere blant både rabarbra og frukttre som han sjølv brukte igjen og igjen som motiv. I den nyoppussa kafeen kan du nyte sveler og kaffi med utsikt over Jølstravatnet.

Om du berre ynskjer billett til galleriet, er det mogleg å kjøpe billett til redusert pris på tunet.

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 229525
Parkeringsplass nede ved vegen. For å komme opp til tunet må ein gå opp ein bakke.
Type
Attraksjoner
Passer for
Ungdom, Barn, Voksne, Eldre
Kilde
Enjoy

Omtaler