Inngangsbillett Sogn og Fjordane Kunstmuseum

Gjennom året har vi skiftande utstillingar med samtidskunst frå området og Norge elles.
Foto: Thomas Bickhardt/Bickfoto

Detaljer

Kunst set ord, form, farge og lyd på menneskelege erfaringar. Her i storstova vår for kunst, har vi tre etasjar fulle av uttrykk for levd liv, som du kan oppleve, tolke og gruble over.
Gjennom året har vi skiftande utstillingar med samtidskunst frå området og Norge elles. Dessutan har vi utstillingar frå eigne samlingar. Samlingane byr på regional og nasjonal biletkunst og kunsthandverk frå 1900-talet og fram til i dag.

Kunstmuseet er dessutan eit «kunstverk» i seg sjølv. Eit signalbygg som har fått internasjonal merksemd for sin arkitektur. Berre å gå trappa oppover etasjane er som å bevege seg i ein skulptur. Når du først er komen til topps, kan du ta turen ut på takterrassen og nyte finevêret. Vi har også ein rikhaldig kunstbutikk med kunst og kunsthandverk produsert av lokale kunstnarar, og på Kafé Sobra freistar vi med varme og kalde rettar laga frå eige kjøken.

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 791247
Du finn gratis parkeringsplassar nære museet. Rørslenedsatte kan køyre til inngangsdøra og spørre i resepsjonen om tilgang til parkeringskjelleren med heis inn til museet. Vi har heis og trinnfri ankomst til alle etasjar.
Type
Attraksjoner
Passer for
Eldre, Barn, Ungdom, Voksne
Kilde
Enjoy

Omtaler