star
star
star
star
star

Imponerende Bjørndalsetra

Tur til Bjørndalssetra, om lag 650 moh. i ein av dei mange dalane innanfor Rosendal. Bjørndalssetra er ein nyrestaurert støl med mange sel og skutar samanbygde i eit slags klyngjetun. Det er eit...

Praktisk info

Enjoy-kode: 625421
Parkér ved Baroniet Rosendal, eller kjør bygdevegen gjennom baroniet og
parkér før grinda ved inngangen til Muradalen. Kjøretid fra Haugesund,
ca 3 timar.
Type
Turer
Passer for
Voksne
Varighet
60 timer
Lengde
5.3 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Tur til Bjørndalssetra, om lag 650 moh. i ein av dei mange dalane innanfor Rosendal. Bjørndalssetra er ein nyrestaurert støl med mange sel og skutar samanbygde i eit slags klyngjetun. Det er eit heilt spesielt stølstun, ikkje minst ved den tradisjonstru gjenoppbygginga som vart fullført tidleg på 90-talet.

Muradalen – Bjørndalssetra – Muradalen

Turen opp går langs Hattebergvassdraget og den kjende Ringeriksfossen. Vassdraget er freda, men ei mindre regulering frå tidlegare tider viser att i form av ei enkel røyrgate, låge dammar og til tider ei viss nedtapping av nokre vatn. Stien er ikkje T-merka, men er så tydeleg at det er lett å finna fram.

Følg vegen vel to kilometer fra parkeringen, før du kryssar brua ved den gamle kraftstasjonen. Pass på å ikkje ta stien mot Malmangernuten når du er komen over brua. Sjå etter Svelgjafossen på veg opp. Kryss elva på solid, luftig bru, ta oppover på nordsida og nyt synet av Ringeriksfossen. Oppstigningen på nordsida av fossen kan verka luftig, men vaierane gjer deg heilt trygg! Nyt utsynet mot Malmangernuten når du er på toppen. Ruta vidare går innover forbi Prestavatnet, over ei hengebru og langs søraustsida av Isorvatnet. I enden av Isorvatnet kryssar du på nok ei bru elva frå Stølsvatnet. Før du veit ordet av det, står du med stølstunet framfor deg. Du vil bli imponert, både av det særmerkte stølstunet og av dei imponerande Bjørndalstindane som reiser seg heilt opp i 1400 meters høgd mot nord. Frå Svartavassfossen reiser Bjørndalsnjoten seg på nordsida.

Ein alternativ trasé for heimturen kan vera stølsvegen, som i roleg stigning startar ved stølen og går opp lia på nordvestsida av Isorvatnet. Stien går om Skar, eit luftig utsiktspunkt over Muradalen. Du kjem ned om lag midtvegs i Muradalen, og har ein knapp kilometer å gå langs vegen før du er attende ved bilen (dersom du parkerte ved inngangen til Muradalen). Turen tar ca 2 timer kvar veg.