star
star
star
star
star

Igletjønnuten - Topptur i Fyresdal

Dette er ein spennande tur, ganske ulik andre turmål i Fyresdal. Her kjem ein raskt opp i høgfjellsterreng frå startpunktet på 650 moh til toppen av Igletjønnuten på 949moh. Terrenget, frå toppen...
Foto: Hamish Moore

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 427455
Turen startar ved Basthommen som ligg ved FV 355 12,1 km frå Fyresdal sentrum i retning mot Kilegrend. Frå Tjønnefoss 32,9 km. Parkeringsplass ved FV 355.
Type
Turer
Passer for
Barn, Eldre, Ungdom, Voksne
Varighet
5 timer
Lengde
18.4 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Dette er ein spennande tur, ganske ulik andre turmål i Fyresdal. Her kjem ein raskt opp i høgfjellsterreng frå startpunktet på 650 moh til toppen av Igletjønnuten på 949moh. Terrenget, frå toppen av stigninga, er lett å gå. Etter nokre hundre meter kjem ein til eit kryss. Her kan ein anten gå til toppen av Igletjønnuten eller velje ein lett stig sørover over ei kloppa myr til Storsteinane. Her er det merka rundløype rundt Raudblæstjønn. Dersom ein vel stigen rett sørover kjem ein etter kvart fram til tufta på Brautestøyl, og vidare ut på dei flotte Raudblæsberga. Stigen krysser desse berga ut mot Fyresvatn med flott utsikt. Nokre fjellhyller høgare opp kjem ein til ein kjempestor stein, ein flyttblokk som har blitt liggande utpå kanten etter istida. Dette er ein teknisk vanskeleg turstig som krev god balanse. Delar av stigen har glatte og våte parti – også i godt vêr. Vi anbefalar derfor ikkje å gå denne turen i regnvêr! Ein kjem raskt over tregrensa, så pakk sekken for ein topptur med varme og vindtette klede, også på sommaren! Ta gjerne med fyrstehjelpsutstyr i tilfelle uhellet er ute. Med eit spennande terreng er dette ein flott tur for familiar, men bør kanskje ikkje vere deira fyrste utandørs erfaring. Vi anbefalar ikkje å ta med små barn i beremeis då det kan vere risiko for å ramle.

Du startar ved å gå 200 meter sørover langs Fylkesvegen til høgste punktet. Tak til venstre ved skilt, gå rett opp og fylg blå merka stig opp fjellsida med ei stigning på 300 meter. Tauet som er lagt ut til hjelp på det glatte og bratte fjellpartiet gjer det lettare å kome opp. I tillegg er det moro å bruke, ikkje minst for ungar.