star
star
star
star
star

Iglatjørn og Seglet.

Iglatjørn og utsiktspunktet Seglet (170 moh) inngår i Jøsentrimmen og er ein av dei mest populære turane i Jøsenfjorden. Utgangspunktet er Buhagen på Hauge. Kjem du frå fylkesvegen inn langs...
Foto: Hjelmeland kommune

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 555988
Frå Stavanger kjører du RV13 mot Sand. Etter ca. 15 min kjøring frå ferjekaien på Nesvik tek du av til høgre og inn på Jøsenfjordvegen (fylkesveg 632) Ved Hauge bru svingar du til høgre og inn på Haugevegen fram til P. plass for turen. (Sjå kart)
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
1 time
Lengde
1.5 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Iglatjørn og utsiktspunktet Seglet (170 moh) inngår i Jøsentrimmen og er ein av dei mest populære turane i Jøsenfjorden. Utgangspunktet er Buhagen på Hauge. Kjem du frå fylkesvegen inn langs fjorden, tek du av til Hauge over Hauge bru ved barnehage/bedehus, og følgjer Haugevegne til du møter skilt med "Buhagen" ved den gamle branngarasjen. Følg skiltet, og parker ved grinda før brua over bekken. Husk å lukke grinda! Her startar stien i form av skogsveg. Følg denne til endes (ca. 500 m) og følg sti vidare opp bakken til høgre. Tydeleg sti fører deg fram til første turpost ved Iglatjørn (ca. 15 min frå enden av skogsvegen)

For å nå utkikkspunktet og ny turpost på Seglet, held du fram på sti forbi turposten langs tjørn, ca. 50 m. Så følgjer du stien opp til høgre på berget, før stien svingar til venstre gjennom skogen, ned eit lite skar og opp på flaten med fantastisk utsikt over fjorden og Hauge (ca. 10 min frå Iglatjørn) Her finn du ny turpost - og har du planlagt litt i forkant, så har du også teke med deg fotoapparatet.