star
star
star
star
star

Husstøylen, Storefjell og Nipa

På ein godværsdag er dette ein fantastisk flott utskstur der du går på rygg frå Storefjell til Nipa. Nydeleg utsikt mot både Jølstravatnet og Breimsvatnet, samt mot fjellområda og grendene...
Foto: Anne Cecilie Kapstad

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 904156
Ta av E39 opp mot skogsveg. Mot bombetaling kan du parkere på velteplass. Pass på å late att ev grindar etter deg på veg opp mot Husstøylen.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Eldre, Barn, Ungdom
Varighet
5 timer
Lengde
5.5 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

På ein godværsdag er dette ein fantastisk flott utskstur der du går på rygg frå Storefjell til Nipa. Nydeleg utsikt mot både Jølstravatnet og Breimsvatnet, samt mot fjellområda og grendene rundt.

Turen startar på velteplassen på Hus der du går første høgdemeterane opp til Husstøylen. Her valgte vi å gå på austleg side av elva som renn ned mot støylen. Elva har eit ganske markant og tidvis djupt elvegjel. Vi gikk i fint beiteterreng opp langs elva i Husdalen opp mot botnen til foten av Storefjell. På returen oppdaga vi ein noko gjenngrodd sti som går på vestleg side av elva (ikkje med i GPS- sporet). Tidvis såg vi raude merke etter fjelltrimpost på denne stien. Om du ønsker å gå opp denne vegen må du passere elva på ei bru som ligg i forkant av Husstøylen, og så finn du spor etter stien bak det bekerste selet på vestleg side av elva. Inn i einekrattet bak dette selet finn du stien som tek deg opp til foten av Storefjell på vestleg side av elva og elvegjelet.

Når du er ferdig med oppstigninga langs elva tek du til på eit brattare parti opp mot Sorefjell. Her såg vi ikkje noko spor etter sti. Mot toppen av fjellet var det nokre få steinvardar. Det brattaste partiet er i starten ,og terrenget flatar noko ut opp mot toppunktet. Det er ikkje klyveterreng noko stad dersom du les terrenget godt på veg oppover. I takt med at du stig høgare og høgare vert utsikta mot Jølstravatnet berre betre og betre. På toppen av Storefjell ventar ein flott varde på deg.

Frå Storefjell må du ned nokre høgdemeter for å gå vidare på ryggen mot Nipa. Du gå rlitt opp og ned langs heile ryggen. Magisk utsikt mot storslagen fjellheim rundt Jostedalsbreen. Du ser blant anna Kjøsnesfjordbrua, Fygladalen, Stardalen, Snønipa, Skjorta, Dvergsdalsdalen, Grovabreen, Breimsvatnet og Daurmål. Vel framme på Nipa har du "rett på" utsikt mot Breimsvatnet.

Pga. at det ikkje er sti, og det er tur på rygg med svært bratte sider, vel eg å gradere turen til krevande. Turen tek ca 5-6 timar tur/retur.