Garborgdagar 2023: Hurra for bondestudentar!

Festivalopning med Sigbjørn Reime, Gunhild Øyehaug og Inger Undheim.
Foto: Margunn Sundfjord/privat
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
23.jan
2023
kl 19:00

Detaljer

Arne Garborg sin gjennombrotsroman Bondestudentar er 140 år i 2023. Årets Garborgdagar startar med eit foredrag av Garborg-formidlar Sigbjørn Reime med tittelen «Bondestudentar – eit meisterverk rundar 140 år». Reime fortel om korleis romanen vart til, om innhald, om likskapar og ulikskapar mellom diktar og romanfigur, om språket, om klassereiser, og om kva Garborg ville med Bondestudentar – og om kva romanen kan seia oss i dag. 

Etter Reimes foredrag snakkar forfattar Gunnhild Øyehaug og Inger Undheim frå Garborgsenteret om livet som litteraturstudent på 2000-talet, om å lesa Bondestudentar, om forfattarskap og inspirasjon, og om å arbeida med forfattarspirer på Skrivekunstakademiet i Bergen. I likskap med Arne Garborg skriv Øyehaug med stor musikalitet, humor og ironi. Ho nyttar ulike sjangrar og har arbeidd som redaktørar i tidsskrift. Ho er nærare presentert på neste side.

Ordførar i Time, Andreas Vollsund, står for den offisielle opninga av festivalen. Det vert musikalske innslag ved sopranen Ragnhild Thu Austnaberg.

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 357658
Garborgsenteret ligg i Bryne sentrum nær Bryne stasjon. Parkeringshus i umiddelbar nærleik til senteret.
Type
Festivaler
Passer for
Eldre, Voksne
Kilde
Enjoy

Henter ..