star
star
star
star
star

Hovsåsen rundt

Hovsåsen rundt er ein om lag 9 km lang rundtur med fleire fine utsiktspunkt og kulturminne langs løypa. I byrjinga fylgjer ein turvegen «Sylvringen» langs elva Hopra og gjennom historisk...
Foto: Karen Weichert

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 745443
Parkering ved Vik Aktivitetspark (fotballstadion)
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
30 minutter
Lengde
9.5 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Hovsåsen rundt er ein om lag 9 km lang rundtur med fleire fine utsiktspunkt og kulturminne langs løypa.

I byrjinga fylgjer ein turvegen «Sylvringen» langs elva Hopra og gjennom historisk kulturlandkap. Langs vegen ligg også gravfeltet Moahaugane frå tida 300-500 e.Kr. Frå Hove kyrkje går ein på asfaltert veg til Hagen og vidare på traktorveg opp til høgaste punktet på Hovsåsen (300 m o.h.). Vegen opp går gjennom beiteland, og grindar må latast att.

Hovsåsen er eit platå 200-300 m.o.h. i lia sør for den gamle storgarden på Hove. Historisk var dette eit viktig utmarksareal for lauving, beiting og slått, og er også i dag viktig landbruksareal.

Turen går vidare på Hovsåsenvegen med fin utsikt over Vik sentrum. Om lag halvveges til Brekka går ein tursti opp lia til Holstadstølen og utsiktspunktet Storesvingen ved Rv13 (480 m o.h.). Vegen frå Brekka kryssar RV13 ved Tryti og fylgjer asfaltert bygdaveg forbi Hopperstad stavkyrkje og Hopperstadtunet til utgangspunktet Vik aktivitetspark.