star
star
star
star
star

Høvringen - Vassberget

Høvringen - Vassberget i godt ver og på godt føre er ei fantastisk oppleving! Det er omlag 15 km ein veg, med stigning omtrent heile vegen. Toppen på Vassberget er på 1855 meter, med 925 meter netto...

Praktisk info

Enjoy-kode: 459670
Parkeringsplassen aust for Den Norske Fjellskolen ligg sentralt ved veg og løypenett på Høvringen. Med bil kjem du til Høvringen via E6. Avkøyringa til FV437 ligg 16,7 km nord for Otta og 29,2 km sør for Dombås, Følg FV437 6,8 km, hald til høgre i Y-krysset etter 5,5 km. Dagavgift på parkeringa, 30 kr i 2013.
Type
Turer
Passer for
Voksen
Varighet
6 timer
Lengde
14.7 km
Vanskelighetsgrad
filters.difficulty.options.middels
Sesong
Vår, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Høvringen - Vassberget i godt ver og på godt føre er ei fantastisk oppleving! Det er omlag 15 km ein veg, med stigning omtrent heile vegen. Toppen på Vassberget er på 1855 meter, med 925 meter netto stigning frå Høvringen. Denne turen har i alt ca 1000 meter stigning og 75 meter fall på veg mot toppen. Det eigner seg godt å ta same vegen ned att. Dei fleste vil ha glede av fjellski med stålkant, og med feller blir det mindre fiskebein.

Gangtid: om lag 4,5 timar opp, 1,5 timar ned (det siste avheng av løypene og føret!)

Du følgjer merka løype dei første 8 km. Dei første ca 4,2 km er på preparert løype, på viselløypa mot Smuksjøseter. Dersom du starter frå parkeringsplassen ovom brua til Den Norske Fjellskolen, følgjer du løypa langs vegen opp mot Høvringen Skiskole, og startar på bakkane opp mot Smuksjøseter, men krysser elva på brua mot venstre eit par hundre meter oppe. Etter hundre meter til, ved Brekkeseter, tek du opp mot høgre. Etter i alt 2 km er du på viselløypa. Etter i alt 4,2 km er det merka, men ikkje preparert, løype mot Steinbuhø, ca 3,6 km. Turen opp Steinbuhø er det brattaste partiet på turen.

Vel oppe på platået på Steinbuhø, skal du ta av til venstre - nordover - følg spora til dei som har gått framom. Det finst gode rasteplassar ned til venstre, eller framme til høgre, som du ser herifrå. Turen går vidare i moderat stigning inn mot Dassbue, ei gamal steinbu frå lord-tida, og slår deretter først ein boge mot høgre rundt ein vestleg avløpar av Bråkdalen, før den slynger seg opp til venstre rundt Gråhø. Oppe på kanten her, 1,4 km frå Dassbue kan du sjå Vassberget med varden på toppen, og det er ca 4 km att. Første delen er slak unnabakke inn til toppen av Bråkdalen. Herifrå kan ein gå både til høgre og til venstre om Vasshuskollen, venstre er kortast. Går ein for langt til venstre, blir det bratt ned på nordsida. Her oppe er det ofte ganske harde, små snøskavlar som er kronglete å gå opp og trøblete å køyre ned - ta det med ro (men i 2013 var det slett og fint!) Det kan óg vere ganske lite snø, og steinane under er skarpe - pass på skiene. Her er det ei lita unnakøyring før ein kan ta fatt på dei siste bakkane, ein kilometer mot toppen.

Vassberget si austside - berre ein meter frå varden - er ein 600 meter høg nesten loddrett vegg. Ein skal for all del ikkje gå ut mot kanten på snøskavlen, men halde seg vest for varden. Her har det skjedd ei dødsulukke for ikkje så mange år sidan.

Ta på genseren, stå på trygg grunn og nyt utsikten mot alle tre rondemassiva; nærast deg Smiubelgen-massivet med botnane Verkilsdalsbotn og Langholet, med ville Trolltinden midt i mot, Lengst mot nord Digerronden, og i mellom i bakgrunnen Rondeslottet. Mot nord på Dovrefjell ser du både Storstygge Svanåtind og Snøhetta ... og mykje meir!