star
star
star
star
star

Hovda i Vindafjord

Følg litt bratt traktorveg heilt opp til Frierane , 410 m.o.h. Traktorvegen slynger seg oppover i kulturbeite og i fin bjørkeskog heilt opp til Frierane. Ved Friarane står Friarbenken og info.tavle...
Foto: Jon Olav Velde

Praktisk info

Enjoy-kode: 922536
Kjør 2,5 km frå Knapphus mot Ølen og ta av til høgre med skilt mot Blikrabygda. Følg vegen 4 km ned til Sørhus mot den gamle butikken til Magnus Sørhus. Her tek du vegen til venstre – sjå TURSTI-skilt her. Kjør om lag 300 m til du kjem til Vestvoll til P-skilt nedanfor den raude løa til Helge og Jenny Rødde.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Barn, Eldre, Ungdom
Varighet
2 timer
Lengde
2.4 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Følg litt bratt traktorveg heilt opp til Frierane , 410 m.o.h. Traktorvegen slynger seg oppover i kulturbeite og i fin bjørkeskog heilt opp til Frierane. Ved Friarane står Friarbenken og info.tavle om namnet Friarane. Her er også ein turkasse m/bok som du bør skriva deg inn i.

Stien vidare til Hovda er godt merka og skilta - nokre bratte parti, men flott panoramautsikt i alle retningar på toppen. Skriv deg inn i boka i turkassen.