star
star
star
star
star

Hovda (530 m o.h.) via Frierane (410 m o.h.) frå Vestvoll i Blikrabygda

Traktorvegen slynger seg oppover i kulturbeite og i fin bjørkeskog til du kjem til gjerdeklyvar. Ved Friarane står det turkasse som du bør skriva deg inn i. Ca 1 time opp hit - Blå tur. Namnet...

Praktisk info

Enjoy-kode: 343755
Kjør 2,5 km frå Knapphus mot Ølen der du tar av til høgre mot Blikrabygda – sjå
skilt til Blikrabygda. Følg vegen 4 km ned til Sørhus. Rett før du kjem til den gamle butikken til Magnus Sørhus, tek du vegen til venstre – sjå TURSTI-skilt her. Kjør om lag 300 m til du kjem til Vestvoll. Her ser du info.tavle og P-skilt nedanfor raud løe.
Her kan du lesa om dei ulike turane som går herifrå – sjå info.tavle.
Type
Turer
Passer for
Eldre, Barn, Voksne
Varighet
30 minutter
Lengde
2.6 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Traktorvegen slynger seg oppover i kulturbeite og i fin bjørkeskog til du kjem til gjerdeklyvar. Ved Friarane står det turkasse som du bør skriva deg inn i. Ca 1 time opp hit - Blå tur. Namnet Frierane har sin historie: ”Ein mann frå Landa gjekk på friarføter til ei jente frå Gjerdesdalen. Folk såg denne karen gå oppover lia til desse steinane rett som det var. Han hadde alltid ei kvit hua på hovudet. Her oppe traff han denne jenta etter avtale. Her ved dei store steinane har denne karen fridd til jenta. Han fekk ja på friarspørsmålet dei to vart gifte – derfor heiter desse steinane Frierane. Dette paret busette seg i Gjerdesdalen. Frierane er også ein skiftestein - her møtest grensene mellom 3 gardar: Eikje i Gjerdesdalen og Bakkevold og Vestvoll i Blikrabygda. Like før du kjem til Frierane, kan du ta av til høgre (sjå skilt) og gå opp til fjellet Hovda. Stien er godt merka og rydda. På vegen opp er det fin utsikt mot Sandeid og innover fjella. Frå Hovda har du ei flott utsikt over heile Vatsbygda og vestover mot havet. Sjå skilt til Hovda. (530 m o.h.) Frå Frierane kan du gå ned til Gjerdesdalen og bli henta der om du ynskjer det. Men dersom du vil ta ein lengre tur, kan du gå vidare på merka og rydda sti mot Brennesteg, Varafjellet og Åksla og gå ned til Blikra eller Aurdal. Følg skilting. Sjå skilt ved gjerdeklyvar på Frierane.

Terreng: Følg skogsveg opp til Frierane. Han er noko bratt enkelte stader. Ved Frierane står skilt til Hovda. Følg merka sti til Hovda – nokre bratte partier, men flott utsikt.

Fottøy: Fjellsko