star
star
star
star
star

Holtsnipa

Holtsnipa kan være vel verdt eit besøk. Her er eit alternativ i frå Følling i Viksdalen. Her i frå tar du ut på første skogsveg etter tømmervelteplass. Her går det oppover, langt oppover, til det...
Foto: Håvard Vallestad

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 770567
Følling, Viksdalen.
Type
Turer
Passer for
Ungdom, Voksne, Barn, Eldre
Varighet
3 timer
Lengde
17.8 km
Vanskelighetsgrad
filters.difficulty.options.krevende
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Holtsnipa kan være vel verdt eit besøk.

Her er eit alternativ i frå Følling i Viksdalen. Her i frå tar du ut på første skogsveg etter tømmervelteplass. Her går det oppover, langt oppover, til det ikkje er så langt igjen til Espesetstølen. Siste rest mot Espesetstølen må du gå på sti, i frå enden av skogsveg, hugs å velg riktige vegar i skogsvegane. Ta det brattaste valget, og du er på riktig veg.

Allereie ved Espesetstølen vil du få utsikt utover Viksdalen. Her i frå, kan du velge litt sjølv kvar du vil gå, men om du velg å følgje sti, på kanten utover, so er stien nokelunde tydeleg. Når du kjem opp i høgda, der det er slutt på vegitasjon, so er det mange valg å ta, men her kan du sjå etter små steinvardar som du kan velge å følgje utover mot Holtsnipa.

Frå kanten av Holtsnipa, ser ein rett ned i VIksdalsvatnet. Om ein er eventyrlysten, so kan ein gå ein veg nedatt mot Tormodsetstøylen, som ein kan skimte i frå toppen.

Har høyrt at Holtsnipa skal være ein feiande flott turmål på ski, gjerne i frå Oppedaldalen, og nedatt Fyllingsdalen. Det skal prøvast til vinteren!