star
star
star
star
star

Holme - Holmestøylen (600 moh) Hyen i Gloppen Kommune

Frå parkeringsplassen går ein litt vidare sørover langs fylkesvegen, før ein tek opp til venstre og krysser innmarka langs eit gjerde. Det står skilt der ein går opp. Vidare går ein på god rås i...

Praktisk info

Enjoy-kode: 209514
Rett sør for Holme i Hyen startar du turen til Holmsstøylen, her finn du ein liten parkeringsplass på nedsida av fv 615 med plass til 3-4 bilar.
Type
Turer
Passer for
Barn, Voksne, Eldre
Varighet
2 timer
Lengde
2.4 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Frå parkeringsplassen går ein litt vidare sørover langs fylkesvegen, før ein tek opp til venstre og krysser innmarka langs eit gjerde. Det står skilt der ein går opp. Vidare går ein på god rås i bratt skogsterreng som opnar seg opp litt før Holmestøylen. Langs ruta får ein nokre plassar fint utsyn over Straumsholmen (Hyen sentrum) og ut Hyefjorden.

Om du ynskjer å gå vidare frå støylen held ruta fram opp lia til venstre, og kjem etter kvart opp på ryggen som ein følgjer heilt til Holsvarden. Sidan dette er høgste toppen i heile fjellområdet, er her vidt utsyn til alle kantar. Frå Holsvarden kan ein gå vidare på umerka rute nordover i Sørstrandsfjella eller sørover mot Ommedal og Gjengedal, eller etter ein god rast snu nedatt ruta ein kom opp.