star
star
star
star
star

Høgemannsholten

Høgemannsholten er ein topp i Gotdalen på Ålhus som gir god fjellutsikt i eit stille og naturkraftig område. Toppen passar å gå for dei som trivast med å gå i bratt terreng utan sti. Turen høver òg...
Foto: Anne Cecilie Kapstad

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 528369
Ta av E39 på Ålhus. Køyr heilt til enden av Ålhusdalen der du køyrer vidare på skogsveg. Bom kostar 30 kroner.
Type
Turer
Passer for
Ungdom, Eldre, Barn, Voksne
Varighet
4 timer
Lengde
3.3 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Høgemannsholten er ein topp i Gotdalen på Ålhus som gir god fjellutsikt i eit stille og naturkraftig område. Toppen passar å gå for dei som trivast med å gå i bratt terreng utan sti. Turen høver òg godt til uerfarne til å trene på å "lese" fjellterreng for å finne beste veg opp og ned. På turen får du flott utsikt over Gotdalen, Gotdalsstøylen, fjellryggen med Sølvet og Syskarsnipa, Skåhammarsegga og Grønlifjellet. På toppen ser du òg mot Gotdalsnipa, Ålhus og Jølstravatnet. På solrike dagar ser du også toppane i Kjøsnesfjorden, der Grovanipa vert den mest markante. Turen opp tek kring 1,5-2,5 t for dei som er relativt vande med å gå i bratt terreng.

Turen startar på parkeringsplassen innerst inne i Gotdalen. I starten går du på skogsveg der du tidleg passerer den nydelege fossen i Gotdalen. Følg skogsveg opp til den flatar ut inn mot Gotdalsstøylen. Om lag i det skogsvegen flatar ut skal du gå av skogsvegen og gå i austleg retning mot ryggformasjonen på foten av Høgemannsholten. Frå skogsveg, og opp til 7-800 moh, går du i myrlendt terreng og noko tett fjellskog. Det er parti med mykje kratt, men dette unngår du i stor grad om du "les" fjellet godt (eller følgjer GPS-sporet).

På rundt 800-850 moh skal du passere ein liten varde. Frå denne ser du også rett opp mot toppen. Det er fort gjort å tru at du her i frå skal gå i sørleg retning (mot høgre på fjellet). Det skal du ikkje gjere sidan du her møter litt bratt og ulendt terreng. Frå varden på kring 850 moh og opp til 920 moh vel du å gå ganske rett på den bratte bakken i nordleg retning. Om du tek rett vegval her skal du kunne gå opp utan å måtte passere parti der du må klyve. Frå kring 920 moh flatar terrenget litt ut opp siste høgdemeterane mot toppen, der ein liten og særeigen varde ventar på deg.

På grunn av terrenget anbefalast det å bruke fjellsko eller fjelljoggesko med godt grep og som tåler vatn. Sidan det ikkje er sti bør du kunne orientere med kart og kompass, eller GPS, dersom du går turen i veir der det er fare for å få skodde og styggevær. Der sporet ligg er det brei rygg og svært trygt å gå, men det er skrentar og luftige parti både i nordleg og sørleg retning av ryggen opp.

Om du ønskjer å forlenge turen, eller lage ein rundtur, kan du halde fram med å gå ryggen (NØ-retning) frå Høgemannsholten mot Steinbotnen. Her går du vidare i nordleg retning opp til Gotdalsnipa på 1249 moh. I dette området går du mykje på stein. Frå Gotdalsnipa kan du gå ned att i vestleg retning mot Gotdalsstøylen via Stenbotnen, og følgje Geitafossgrova heilt ned til støylen. Frå støylen følgjer du skogsveg i retur. Eit anna alternativ er å gå over heile "fjellmassivet". Dette kan du gjere ved å velge å gå vidare i SØ-retning mot Rabben og Tverrlifjellet, med retur ned mot skogsvegen som fører deg ned til lysløypeanlegget i Årdalen.