star
star
star
star
star

Høgalmesetra

Frå parkeringsplassen ved Oldedalen grendahus, går du grusvegen mot gardane i Høgalmane. Stien mot Høgalmesetra startar ved fjøsen lengst til høgre. Herifrå er stien merka heilt til setrevollen....

Praktisk info

Enjoy-kode: 598640
Type
Turer
Passer for
Voksne, Barn, Eldre, Ungdom
Varighet
1 time
Lengde
1.5 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Frå parkeringsplassen ved Oldedalen grendahus, går du grusvegen mot gardane i Høgalmane. Stien mot Høgalmesetra startar ved fjøsen lengst til høgre. Herifrå er stien merka heilt til setrevollen. Stien opp til Høgalmesetra går gjennom bratt terreng. Det er godt tilrettelagt i vanskelege parti med kjetting og stegtrinn. På setrevollen kan du nyte utsikta både mot Melkevollsbreen i sør og Sunde i nord. På turen mot setra passerar du Høgalmegrana, som kvart år vert pynta med lys i jula. Bygdefolket byter på å dagleg bere opp bensin til aggregatet. Dette har vore tradisjon sidan 1999.

I tidlegare tider vart setrane nytta til støylsdrift om sommaren. Buskapen gjekk då på utmarksbeite i fjellet og vart melka på setra. Budeiene budde ofte på setra og hadde ansvaret for dyrehaldet desse månadane. Budeiene hadde også ansvaret for å lage ost og smør av melka. Produkta vart frakta nedatt til gardane på løypestreng.