star
star
star
star
star

Hodnaberg - Kiellandbu - Botnen

Turen byrjar på Hodnaberg, ved kraftstasjonen. Her kan du parkere. Herifrå fylgjer ein vegen over brua og mot Kvålsdalen. Frå brua går ein i bratt stigning nokre hundre meter til ein møter på...

Praktisk info

Enjoy-kode: 683971
Bil til Hodnaberg.
Type
Turer
Passer for
Barn, Voksne, Ungdom, Eldre
Varighet
5 timer
Lengde
12.1 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen byrjar på Hodnaberg, ved kraftstasjonen. Her kan du parkere. Herifrå fylgjer ein vegen over brua og mot Kvålsdalen. Frå brua går ein i bratt stigning nokre hundre meter til ein møter på T-merka sti som fylgjer langs elva vidare oppover til du kjem til nedre Kvålsdalstjørn. Ein kryssar over osen på tjørni på hengebru, før ein byrjar på stigninga opp mot Hardingaskaret. Stien går vidare oppover ca 2 km før du kjem til stikrysset til Vending. I stikrysset går ein rett sør mot Kiellandbu med ei fantastisk utsikt over Botnen, Folgefonna, og Hardangerfjorden.

Stien videre til Botnen frå Kiellandbu går på grei sti nedover. Siste del, der det er ein del vegetasjon, er det tidvis glatt og fuktig. Rett før Flatabøstølen kryssar ein nokre bekkar, ved stor vassføring kan ein måtte vade her. Frå Flatabøstølen til Flatabø på sti, før går vidare på grusveg ned til kaien.

Ruta er ca 12 km lang.

Båttransport frå Botnen til Fykse er nedlagt. Ta kontakt med turistkontoret i Kvam for informasjon om transportmuligheter.