star
star
star
star
star

Historisk vandring i lyngheiane på Ytre Lygra

Du kan velje mellom å gå kort eller lengre tur i det vakre lyngheilandskapet. Det er flotte, lett kuperte, tilrettelagde turstier. Her er veldig fint å jogge og! Den korte turen er omlag 30 - 40...
Foto: Lyngheisenteret Mona Karstensen

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 790183
Med eigen bil: Frå Knarvik følger du skilt til Mongstad, ved Seim er det skilta til Lyngheisenteret, følg Lurevegen og skilting.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
1 time
Lengde
2.3 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Du kan velje mellom å gå kort eller lengre tur i det vakre lyngheilandskapet. Det er flotte, lett kuperte, tilrettelagde turstier. Her er veldig fint å jogge og!

Den korte turen er omlag 30 - 40 min, 2 km. Du kan starte ved Lyngheisenteret, gå i retning Lurefjorden, gjennom grinda på nedsida. Ta gjerne ei avstikker til Naustvika (strand)... I første veiskille tar du til venstre, og deretter venstre gjennom grinda igjen. Då kjem du ut på parkeringsplassen like overfor Lyngheisenteret. Dette er ein tur som passar for dei aller fleste. Vil du gå litt lengre, kan du følge skilta til Lygra kai (10 - 15 min t/r)

Den lengre rundturen rundt Ytre Lygra har samme startpunkt ved Lyngheisenteret som den korte. Du følger grusvegen utover i lyngheilandskapet, kor den naturleg runder neset og tar deg tilbake igjen. Tidsbruk: 40 - 90 min, alt etter kor fort du går. Her er mykje å se på, ta gjerne med ein turfalder frå Lyngheisenteret. Om senteret er stengt, finn du brosjyrar i steinhuset ved parkeringa

Begge stiane er delvis dekka med grus, og dekket kan ver mjukt og vått enkelte plassar. Totalt ca. 4 km turløyper

Hovudattraksjonen på Lyngheisenteret er landskapet. For å oppleva dette er det viktig å gå på tur. Berre på den måten kan du få med deg noko av det meste særmerkte ved Lyngheisenteret, som er eit område nytta til aktiv landbruksdrift som samstundes er tilrettelagt for friluftsliv, naturoppleving, kulturforståing, forsking og undervising.

For å gjera det lettare å ta seg fram er det lage om lag fire km med gangvegar. Turfalderen som du finn på Lyngheisenteret eller ved parkeringa inneheld opplysingar om litt av det du kan sjå langs med den ytste sløyfa av vegsystemet på om lag to km. Den går gjennom utmarka til dei fem gardene på Ytre Lygra. Her får du oppleva den tidlause kystnaturen med fuglesong, bølgjeskvulp og angen av lyng, og er du heldig treff du på villsauene som går på beite her ute heile året. Meir kunnskap vil du finna i Informasjonsbygget. Mangelen på skog er uvant for mange. Dei tykkjer lyngheiane er karrigt og forblåse. Men dette landskapet er ein del av kulturarven på kysten, og det fortel mykje om levekåra her ute gjennom fleire tusen år. I dag har vi eit anna levesett, og det opne landskapet forsvinn difor raskt. Lyngheisenteret vil verta meir og meir særmerkt etter kvart som denne utviklinga skrid fram. Her vert det mogeleg for komande generasjonar å oppleva det tradisionelle kystlandskapet og få kunnskap om korleis ressurane vart nytta. Samstundes er tradisjonelt drivne landskapstypar, saman med dei opphavelege husdyrrasane som høyre til her, ein levande genbank for utvikling av matproduksjon for framtida.