Historier frå hemmelege rom

Romanen «Odel» kan skildrast som ei samling historier om livsvilkår skrive ut frå ein respekt for alt som lever. Boka nominert til P2» lyttarane sin romanpris og vert omtala som «gnistrande...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
28.feb
-
kl 20:00

Praktisk info

Enjoy-kode: 573102
Passer for
Voksne, Barn, Ungdom, Eldre
Kilde
TicketCo

Sponsede linker

Detaljer

Romanen «Odel» kan skildrast som ei samling historier om livsvilkår skrive ut frå ein respekt for alt som lever. Boka nominert til P2» lyttarane sin romanpris og vert omtala som «gnistrande original» av kritikarane. Denne kvelden vil forfattar Dordi Strøm fortelje om arbeidet med boka og om inspirasjonen ho finn, både i naturen, språket og kunsten.

Kunsten å vere seg sjølv kan sjå ut til å vere eit gjennomgåande motiv for Tone E. Solheim som også vil fortelje om drivkrafta bak skrivinga denne kvelden. For debutromanen «Svarttrasta syng i natta» fekk ho Nynorsk barnelitteraturpris. No er ho aktuell med «Eg er V-Vida». Tretten år gamle Vida stammar, m-m-masse. Korleis skal ho greie å finne vener når ho ikkje ein gong klarar å seie sitt eige namn? Finst det noko ho kan gjere for å legge stygge, stotrande stamme-Vida bakom seg, ein gong for alle?

Bokprat, høgtlesing og signering.

Norli - alt i bøker og rekvisita

Norli har tusenvis av bøker på lager, i tillegg til rekvisita, skolesaker, skolebøker og andre fagbøker.