Hildegunn & Leif-Per UTAN Kringkastingsorkesteret

Den eksentriske husmora frå Ulsteinvik og taxisvogeren hennar er endeleg tilbake på norske scener! Mykje har skjedd i livet til Hildegunn sidan sist - ho er skilt, ho er blitt bestemor, ho har...
30.nov
-
kl 20:00

Detaljer

Den eksentriske husmora frå Ulsteinvik og taxisvogeren hennar er endeleg tilbake på norske scener! Mykje har skjedd i livet til Hildegunn sidan sist - ho er skilt, ho er blitt bestemor, ho har deltidsjobb på Cubus - og har endeleg greidd å fullføre ei etterlengta coach-utdanning. I tillegg vaskar ho framleis kleda til eksmannen, Per-Leif (framleis broren til Leif-Per…)

Leif-Per har kjøpt seg hytte med vakuumtoalett i, og den single taxisjåføren er framleis Søre Sunnmøre sin mest habile gitarist. Denne gongen satsar radarparet frå Ulsteinvik stort på alle dei moglegheitene som melder seg når ein ikkje skal samarbeide med Kringkastingsorkesteret.

Det er berre å belte seg fast for dramatikk, komikk og musikk - i eit heilaftans show som ikkje liknar så mykje anna!

Praktisk info

Enjoy-kode: 131495
Type
Scene
Passer for
Eldre, Voksne
Kilde
Eventim

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

Lørdag
30/11 2024 kl 20:00
Bjørnsonhuset Gideonveien 2
I samarbeid med Eventim