Hildegunn & Leif-Per LIVE! Velledalen

Eldsjel inviterer til ein heilaftan med middag og show i Velledalen Grendahus - og det er sjølvaste Hildegunn & Leif-Per Moltubakk som står for underhaldninga! Den eksentriske husmora frå...
31.aug
-
kl 18:30

Detaljer

Eldsjel inviterer til ein heilaftan med middag og show i Velledalen Grendahus - og det er sjølvaste Hildegunn & Leif-Per Moltubakk som står for underhaldninga! Den eksentriske husmora frå Ulsteinvik og taxisvogeren hennar er nemleg endeleg tilbake på norske scener! Mykje har skjedd i livet til Hildegunn sidan sist – ho er skilt, ho er blitt bestemor til sju, ho har deltidsjobb på Cubus – og har endeleg greidd å fullføre ei etterlengta coach-utdanning. I tillegg vaskar ho framleis kleda til eksmannen sin. Leif-Per køyrer framleis drosje, men trass i at han har fått installert vakuumtoalett på hytta si er han likevel singel. Og Hildegunn vaskar framleis kleda til eksmannen... Det er berre å belte seg fast for dramatikk, komikk og musikk – i eit heilaftans show ikkje liknar så mykje anna! Dørene opnar 18.30. Middag kl. 19.00. Showtime kl. 20.30! Etter showet vert det open pub og full stemning med trubadur!

Praktisk info

Enjoy-kode: 665856
Type
Scene
Passer for
Voksne, Eldre, Ungdom, Barn
Kilde
Tikkio

Sponsede linker

Tilgjengelige billetter

Lørdag
31/08 2024 kl 18:30
Velledalen Grendahus 313 Vallavegen
I samarbeid med Tikkio