star
star
star
star
star

Hestvika - Urrabben - Kvile - Hestvika Rundtur

Dette er ein fin rundtur som kan kombinerast med andre turar i området. Du må parkere bilen i Kalveneset - skilta parkeringsplass og gå på vegen dei ca. 300 m til Hestvika. Her er det...
Foto: Astrid B Eliassen

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 542133
Hestvika på Fv 615 - parker på Kalveneset
Type
Turer
Passer for
Eldre, Voksne
Varighet
3 timer
Lengde
4.5 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Dette er ein fin rundtur som kan kombinerast med andre turar i området.

Du må parkere bilen i Kalveneset - skilta parkeringsplass og gå på vegen dei ca. 300 m til Hestvika. Her er det informasjonstavle og skilt som viser stien til Uravatnet. Stien er godt merka med oransjemåla pålar og du følgjer stort sett Hestvikelva oppover i terrenget. Der elva kjem ned hamrane følgjer du stien vidare oppover til Djupeselda. Her går du vidare over myra og følgjer stien opp bratta til du er oppe og får god utsikt over Uravatnet. I vestre enden av Uravatnet ligg det ei Jettegryta - det er skilta til Jettegryta frå stien. I austre enden finn du ei stor furu som to personer ikkje klarer å ta rundt.

Turen vidare går vestover Urrabben. Når du kjem til merking med oransje plastringar på trea, følgjer du den stien utover mot Knappstadstøylane. I ein liten bakke der du ser skiltet Urastien (peikar mot deg) tek du ned til venstre, over myra og du kjem til Kvile. Frå Urastiskiltet kan du også fortsette oppover til Knappstadstøylane. Frå Kvile kan du gå vestover til Øvrebøen/Rasteplassen eller ned til Knappstad. Rundturen går no rett austover og du følgjer dei oransje pålane. Gå opp Urastien ved skiltet og du kjem opp att på Urrabben. Der fortset du austover med Endestadnipa rett i mot og følgjer stien ned att i Hestvika.

Du kan også gå ein annan rundtur frå Kvile og ned stien til Knappstad. Nede på traktorvegen svingar du austover og fortset på traktorveg inn til Steinvegen. Her går du ned og deretter austover inn til Øyraskora. I Øyraskora er det traktorveg ned til fylkesvegen, til Kalveneset.