star
star
star
star
star

Hestadalen - Breidsete

Skildring av tur I lett fjellterreng går du forbi Hestadalen og svingar mot vest og over Svartavassleite. Du kjem til eit retningsskilt ved Svartavasstjørna og går ned mot Svartavatnet. I god sti...

Praktisk info

Enjoy-kode: 828086
Ta vegen frå Jondal mot Folgefonna. Etter 8,0 km tar du til høgre mot Folgefonna. Etter ca 100 m må du betale avgift for å køyre denne vegen med bil. Det er automat som tar kort eller kontantar. Like før du kjem til denne automaten er det på høgre sida av vegen ei infotavle for turane i området. Etter ca 6 km har du Hestadalen og ein stor parkeringsplass på høgre sida. Her er det skilta Breidsete. Parkering på eige ansvar.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Eldre, Ungdom, Barn
Varighet
4 timer
Lengde
8.1 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Skildring av tur

I lett fjellterreng går du forbi Hestadalen og svingar mot vest og over Svartavassleite. Du kjem til eit retningsskilt ved Svartavasstjørna og går ned mot Svartavatnet. I god sti går du langs nordsida av Svartavatnet fram til stølen Osadal. Her er det skilta vidare over ei bru, og resten av turen går langs sørsida av vassdraget: Ned til Gamle Osadal, langs Osadalsvatnet og vidare ned og langs Langavatnet. For å koma ned til Grytingsvatnet må du over ei høgd som vert kalla Klippe, og her er det eit skilt som viser opp til Klippe. Ned til Grytingsvatnet er det bratt, og du går langs Grytingsvatnet til eit stikryss. Her er det skilta Flatabøgryting og Breidsete. (Flatabøgryting er stølen du ser på andre sida av vatnet). Frå stikrysset går du vidare mot Breidsete, først bratt ned til Jondalstjørnane og langs desse og vidare bratt ned fossane. Siste delen av turen går langs elva i noko myrlendt terreng før du kjem til stølen Breidsete, der det er informasjonstavle for turane i området. Turen går langs mange vatn der det er fint å fiska.

Sesong

Juni – oktober. Dette kan òg vera ein flott tur på ski. Frå påske er det brøytt opp til Hestadalen. Tidlegare på vinteren er det brøytt til skihuset på Storemyr, 4 km kortare. Då vert turen lengre, men det er fint å gå langs vegen opp til Hestadalen.

Råd for turen

-Ta med mat, drikke og vindtette klede.

  • Du bør ha fjellstøvlar.
  • Mobildekning er ikkje god på denne turen.
  • Vi anbefaler kart og kompass, ev. GPS.
  • Det er bandtvang 1. april – 20. august.
  • Det er forbode med open eld i skog og mark 15. april - 15. september.
  • Til fots kan du ferdast fritt i utmark, men ver varsam og ta omsyn til dyr og fuglar, og til naturen elles. Ikkje kast søppel.
  • Fiskekort for dette vassdraget er å få kjøpt i Coop-butikken