Heimante: Opplesingar ved Frank Tønnesen og Tone Myklebust // Garborgdagar

Kvart år inviterer Garborgdagar forfattarar frå Rogaland til å lesa eigne tekstar for eit lyttande festivalpublikum på Mellombels øl og vinstove. Frank Tønnesen er frå Sokndal, og mest kjend som...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Aktuelle alternativer

20.Jan
2024
3:00pm

Detaljer

Kvart år inviterer Garborgdagar forfattarar frå Rogaland til å lesa eigne tekstar for eit lyttande festivalpublikum på Mellombels øl og vinstove.

Frank Tønnesen er frå Sokndal, og mest kjend som artisten Tønes. Han debuterte som skjønnlitterær forfattar i 2018 med romanen “Vi kan ikke ta med oss alt dette med hjem”. På Mellombels les Frank eit utval av tekstar frå spalta “Kunngjeringar”, som han har gleda Dag og Tid-lesarar med sidan våren 2023.

Tone Myklebust bur i Egersund og debuterte som forfattar for vaksne i 2020 med novellesamlinga “Det stoppar ikkje her.” “Rutine ved varsling” (2023) er hennar andre bok. Novellene hennar skildrar det skakke og skjøre i menneskelivet. Humoren ligg ofte på lur og kan pipla fram over alt.

Ørjan Zazzera Johansen frå Garborgsenteret er programleiar.

Arrangør: Garborgdagar i samarbeid med Rogaland forfattarlag.

Foto av Frank Tønnesen: Vidar Landa

Foto av Tone Myklebust: Markus Schröder Bjørnseth

Praktisk info

Enjoy-kode: 467804
Type
Scene
Passer for
Ungdom, Voksne, Eldre
Kilde
TicketCo

Sponsede linker