star
star
star
star
star

Hegrenesnipa via Fjellstøylen

Hegrenesnipa er ein kuppelforma og karakteristisk avrunda topp som ligg rett bak Ålhus. Nipa er på 899 moh og kan nåast frå både Årdalen, Skarstøylen og via Fjellstøylen. Denne ruta forklarar vegen...
Foto: Anne Cecilie Kapstad

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 213638
Ta av E39 på Ålhus, og køyr Ålhusdalen til endes.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
30 minutter
Lengde
3.3 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Hegrenesnipa er ein kuppelforma og karakteristisk avrunda topp som ligg rett bak Ålhus. Nipa er på 899 moh og kan nåast frå både Årdalen, Skarstøylen og via Fjellstøylen. Denne ruta forklarar vegen via Fjellstøylen på Ålhus. Terrenget er ope og oversiktleg, så det er lett å orientere dersom du vil gå turen som ein rundtur i kombinasjon med ein av dei to andre mogelege start/stoppe-stadane. Sjå lenke som syner vegen opp til Skarstøylen, som også er fint startpunkt for å nå Hegrenesnipa.

Turstart på Ålhus på skogsveg i beiteområde. Lat att grindane etter deg. Relativt godt synleg sti opp til støylen. Stien er delvis merka med raude merke etter fjelletrim. Fin og jamn stigning på stien opp til støylen. Frå støylen går du "rett på" nipa i noko myrlendt og fuktig terreng. Her er det lite synleg sti, men ein del dyretråkk. Rett etter støylen er det ein del kortvokst fjellbjørk. Den er lett å styre unna sidan det er ein gode del ope terreng inn i mellom. Siste del opp til nipa er i litt brattare terreng. Ingen luftige parti.

På toppen av Hegrenesnipa får du flott utsikt over Jølstravatnet og Vassenden mot vest. Går du mot andre sida av nipa får du nydeleg utsikt mot Jølstravatnet og fjella i austleg del av Jølster.

Fjellvande brukar kring 30 minutt opp på støylen, og 1-1,5 time opp på nipa.