star
star
star
star
star

Haukå - Gulskarlivatnet -Tjørnesvatnet Rundtur

Følg skogsvegen i vestenden av Haukåvatnet oppover mot Haukåstøylen. Rett før støylen er det ein sti oppover i terrenget som går til Haukånipa. Føl denne og du går gjennom skog oppover på rimeleg...
Foto: Arnfrid Bergheim

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 410493
Fv 614 til Haukåvatnet vestre enden
Type
Turer
Passer for
Eldre, Barn, Voksne, Ungdom
Varighet
3 timer
Lengde
6.9 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Følg skogsvegen i vestenden av Haukåvatnet oppover mot Haukåstøylen. Rett før støylen er det ein sti oppover i terrenget som går til Haukånipa. Føl denne og du går gjennom skog oppover på rimeleg god sti. Vel oppe i skaret og du har kryssa over bekken - fortset du vidare oppover og litt vestover på stien og går nordover gjennom ett dalsøkk. Her tar du av stien mot Haukånipa og du finn eit dyretråkk som du føl vidare mot søre enden av Gulskarlivatnet.

Retur frå Gulskarlivatnet kan du velge å følge stien litt opp fra Tjørnesvatnet og gå fram på høgda sør for Tjørnesvatnet. Her får du få fin utsikt sørvest mot havet og øyane.

Videre går du sørover før du svinger av og går Rimma ned til skogsvegen og føl denne nedover tilbake til bilen.

Sporet på kartet er gått 10 05 20 og det gir deg ei rettesnor. Mykje av turen går på hjortestiar.

November 2019: Viktig info til turgåar: Når denne blir farbar att gir vi informasjon

Det er for tida ikkje tilrådd å gå opp frå Fv 614 då det har gått eit steinras i stien. Gå istaden austover frå parkeringsplassen ved vstenden av Haukåvatnet og følg skogsvegen heile vegen opp til siste svingen før Haukåstølen.

(Turen startar frå parkeringsplassen ved enden av Haukåvatnet. Gå vestover på Fv 614 omlag 100 m. Der er det ei tretrapp slik at det er lett å komme opp frå vegen. Vidare oppover er det fin umerka sti oppover i lia. Mot slutten på lia er det satt opp boltar, stigar og sikringstau som gjer det enkelt å komme opp. Vel oppe ved Stølstjørna tar du stien til høgre. Ta gjerne ein tur opp på den litle toppen som gir deg fin utsikt over byen og øyane. Fortset vidare over brua og gå opp på skogsvegen.)