star
star
star
star
star

Haugstadskogen - nærtur i Hå

Frå Vigrestad stasjon er det merka ein løype fram til Haugstadskogen. Dette er ein tur med med høve for å oppleva kontrastar mellom blåsande og stille, ljus og mørke. Langs vegen fylgjer du...
Foto: Anne Katrine Lycke

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 808226
Med tog til Vigrestad. Bil til Vigrestad stasjon eller til P-plass ved Haugstadskogen.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
30 minutter
Lengde
2.7 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Frå Vigrestad stasjon er det merka ein løype fram til Haugstadskogen. Dette er ein tur med med høve for å oppleva kontrastar mellom blåsande og stille, ljus og mørke. Langs vegen fylgjer du turvegar, sykkel- og gangvegar og i tillegg, om du ynskjer det, smale, mørke stiar i skogen.

Ta gjerne toget til Vigrestad og gå på oppdagarferd i skogen. Frå stasjonen går du opp Lyngblomen forbi Pizzabakaren til Sentrumslunden. Langs Sentrumslunden passerer du ein leikeplass med ein stranda båt og fleire originale leikestativ. Det er ein freistande stoppestad for dei små og mellomstore.

Fortsett vidare langs Sentrumslunden til Rundevegen som går nedover til Haugstadvegen. Her kan vinden få skikkeleg tak nokre dagar i året, slik han gjer på Jæren. Vel framme i Haugstadskogen er det ly å finna og mange stiar å velja mellom. Jæren Friluftsråd har ansvaret for tilrettelegging i skogen. Noko av det første du møter, er ei stor oppslagstavle som viser alle stiar og sitjeplassar i skogen.

Her er både lysløype, turveg utan lys og smale stiar der du nærast må krypa inn i granskogen. Og gran er det mykje av. Enkelte stadar er det så tett at det vert mørkt på solskinnsdager. Men du finn òg meir opne område, gapahuker og annan vegetasjon.

Det som kanskje vil overraska nokon er kor bratt det er i skogen. Viss du vel å gå opp bakken til øvste punkt i skogen bør du òg få med deg utsikta. Heilt oppe går det ei sti til høgre ut av skogen, på oversida av busetnaden. Stien leder ut til eit flott utsiktspunkt. På gode dagar ser du både Kvasheim fyr og langt ut i havet.

I skogen er det to fine gapahuker å velja blant. Dei er utstyrd med bord og benkar og skydd for vêr og vind.

Turen er merkt berre ein veg, frå stasjonen til Haugstadskogen, men det burde ikkje vera vanskeleg å finna tilbake igjen. God tur!