Harry Potter ( med Å) // Madam Pysj

- Finnast magi på ekte ? I Harry Påtter (med Å) er det ikkje trollmenn og hekser - men tryllekunstnarar - som får opplæring på Galtvort. I dette universet er det korttriks, mynttriks og...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.

Aktuelle alternativer

11.sept
2021
kl 16:00

Detaljer

  • Finnast magi på ekte ?

I Harry Påtter (med Å) er det ikkje trollmenn og hekser - men tryllekunstnarar - som får opplæring på Galtvort. I dette universet er det korttriks, mynttriks og sage-ei-dame-i-to triks som er det mest prestisjefylte, men det går også rykter om at nokon sit på ein løyndom om ein bortgløymt kunst, nemlig ekte magi.

Madam Pysj er eit teaterkompani som har spesialisert seg på å lage leikent og humoristisk teater for born. I deira serie (med Å) er konseptet å gå laus på historier dei fleste kjenner til, men demontere og dekonstruere konsepta til berre tanken om kor det heile starta står att. Kompaniet har tidlegare hatt stor suksess med framsyninga Star Wårs (med Å).

Vi er glade for å presentere denne framsyninga for born i Fjaler i samarbeid med Sparebanken Sogn og Fjordane! Passar born frå 5 år.

Av og med aktørar frå Madam Pysj: Jonas Sandvik, Jacob Vigeland, Bjørg Sofie Eline Grutle Sætre, Daniel Frikstad og Thomas Stene-Johansen. Gjestespelet i Fjaler er støtta av Sparebanken Sogn og Fjordane.

Praktisk info

Enjoy-kode: 742158
Type
Scene
Passer for
Eldre, Voksne, Ungdom
Kilde
TicketCo

Sponsede linker