Hardangerforfattaren Gro Holm - ei av dei fire store

Programmet startar kl. 17.00. Dørene vert opna kl. 16.00. Det er open kafé. GRO HOLM er ei av fire kvinnelege forfattarar som litteraturvitar Jan Inge Sørbø løfta opp og fram gjennom boka «Fire...
Denne aktiviteten er allerede gjennomført eller markert som utgått.
07.apr
-
kl 16:00

Praktisk info

Enjoy-kode: 782037
Type
Attraksjoner
Passer for
Voksne
Kilde
Tikkio

Sponsede linker

Detaljer

Programmet startar kl. 17.00. Dørene vert opna kl. 16.00. Det er open kafé. GRO HOLM er ei av fire kvinnelege forfattarar som litteraturvitar Jan Inge Sørbø løfta opp og fram gjennom boka «Fire store», Samlaget 2022. Gro Holm var fødd i 1878 og kom frå bruket «Prestgarden» i Odda, men ho er i praksis heile Hardanger sin forfattar. I bøkene som ho gav ut i 1930-åra, skildrar ho vår lokale kulturhistorie i bondesamfunnet og i perioden med fossekjøp, kraftutbygging og industri. Ho hadde eit særleg blikk på kvinnene og «dei vanvørde» sin situasjon, og let oss møta menneska gjennom slit og glede, jordskifte, utvandring, turisme og industrialisering. I dette programmet vil Guttorm Rogdaberg og Brita Jordal ta oss nærare forfattaren som i si tid var populær i Hardanger. Brita Jordal ved Kraftmuseet, har arbeidd med Samlingane etter Gro og Olav Holm som kom inn til museet i 1999. Samlingane omfattar arkiv, foto, gjenstandar og kunst. Målet har vore og er å auka kunnskapen om personane og samfunnet dei representerer. Brita har vore knytt til Kraftmuseet sidan 1987 og har bakgrunn frå Statens bibliotekhøgskule, etnologi grunnfag og husflidsskular. Guttorm Rogdaberg har arbeidd som dagleg leiar i Agatunet og har vore statsstipendiat Kulturdepartementet. Han er leiar i eigarstyret i Agatunet og er medlem i styret i Stiftinga Hesthamar skrivargard.

Kart