star
star
star
star
star

Hanabergmarka - nærtur i Hå

Frå Nærbø jernbanestasjon går du sørvestover langs Kyrkjevegen og forbi Biblioteket. Gå så vidare sør Ringvegen, eit lite stykke, til det står skilt til Jærmuseet. Her fylgjer du Skjerpebekken til...
Foto: Anne Katrine Lycke

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 649694
Med tog til Nærbø stasjon. Med bil til P-plass ved Nærbø stasjon eller i nærheten av Vitengarden.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
30 minutter
Lengde
1.5 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Frå Nærbø jernbanestasjon går du sørvestover langs Kyrkjevegen og forbi Biblioteket. Gå så vidare sør Ringvegen, eit lite stykke, til det står skilt til Jærmuseet. Her fylgjer du Skjerpebekken til parkeringsplassen for Jærmuseet. Turen er merka med raude T-ar.

Frå perkeringsplassen går ein opp til Jærmuseet og fylgjer vidare skilt til Hanabergmarka. Hanabergmarka er eit friområde som høyrer til Jærmuseet. Her er mange fornminne, kulturminne og gravhaugar. Arealet er i dag kulturbeite for ungdyr og sauer og er eit ope landskap. Før ein kjem til Hanabergmarka kan ein gå gjennom eit skogholt med 23 ulike treslag.

Frå Jærmuseet går du vidare gjennom ei grind og ein kan så dela rundturane vidare i 3 deler.

DEN SØRE TUREN

Frå grinda går du ca 70 m beint fram og svingar sørover gjennom ein skog og går så langs gardsvegen til Båden til eit skilt som fører inn i Hanabergmarka. Her kan ein sjå merke etter jernbanelinja som vart brukt å frakta kanonar til Hanabergmarka under 2. verdskrig. Vidare langs grusa sti forbi ei ny grind og vidare opp mot Jærmuseet.

DEN MIDTRE TUREN

Frå grinda ved Jærmuseet går du stien beint fram og går fyrst gjennom ei grind og kjem så til grinda som fører opp til Hanaberget. (49 m o.h.) Her er fin utsikt. Gå inn i komandobunkeren og sjå på bilede og opplysningar om 2. Verdskrig. Frå Hanaberget går du stien vidare og kan ta av til gamalt tun på Audamotland eller gå vidare og gå fyrst litt austover og så gå vidare søraust til Jærmuseet.

DEN NORDRE TUREN

Frå grinda ved Jærmuseet går du beint fram ca 70 m og svingar nordvestover og går fram til du ser ei stor brei jerntrapp. Så går du over denne trappa og kjem fram til ei stor orienteringstavle for fornminnearalet Klauvhaugane. Frå orienteringstavla kan du gå attende til Jærmuseet, eller du kan ta sti fram til gardsvegen til det game tunet på Audamotland og vidare austover vegen til parkeringsplassen og Jærmuseet.

Frå togstasjonen til parkeringsplassen for Jærmuseet må du rekna ca 15 min gange. Frå parkeringsplassen og rundt den søre og midtre løypa og attende til parkeringsplassen må ein rekna ca 30 min gangtid. I tillegg kjem å studera landskpet og opplysningane i komandobunkarsen. Turane høver og for rullestol og barnevogn og stiane er grusa.