star
star
star
star
star

Hammarsegga - rundtur frå støyl til støyl

Hammarsegga gir ei kjensle av høgfjell sjølv om du er i låglandet. Turen gir mykje flott utsikt, og passar godt dersom det er skodde på høgtoppane. Som kveldstur i godveir vil du oppleve nydeleg...
Foto: Anne Cecilie Kapstad

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 739901
Ta av E39 på Vassenden, og køyr på fylkesveg 451 langs sørsida av Jølstravatnet i ca 2-3 km. Parker på utkøyrsel ved vatnet.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
30 minutter
Lengde
6.9 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Hammarsegga gir ei kjensle av høgfjell sjølv om du er i låglandet. Turen gir mykje flott utsikt, og passar godt dersom det er skodde på høgtoppane. Som kveldstur i godveir vil du oppleve nydeleg solnedgang i vest. Turstart ved Jølstravatnet og rett opp til Kjelsnesstøylen på god sti. Noko bratt terreng å gå i. Frå støylen går du vidare mot Hammarsegga på delvis sti. Frå toppen av egga får du flott utsikt mot vest og aust, og ser Jølstravatnet og store delar i kring.

Frå toppen av egga går du vidare over egga i noko myrlendt og vått terreng. Det er ikkje sti mellom støylane. Du passerer nokre små elvefar som er greie å passere. Omlag halvveges frå egga mot Hamarsbakkestøylen går du forbi ein steinformasjon som er eit flott utkikkspunkt. Her ser du også rett ned på Hamarstøylen, som ligg litt lenger nede i lia. Du kan gå ned til denne støylen, og følgje stien her i frå og ned til Jølstravatnet også. Om du går til Hamarsbakkestøylen, slik GPS-sporet her gjer, følgjer du stien frå denne støylen ned att til Jølstravatnet. Vel nede att følgjer du fylkesvegen attende til startpunktet.

I dag er det mest berre dyretrakk å sjå som stiar mellom dei tre støylane i dette området, I gamle dagar, når det var støylsdrift, var det annleis. Då var det gode stiar mellom støylane sidan støylsfolket besøkte kvarandre ved å gå mellom støylane.

Turen tek 2-2,5 timar som rundtur. Området har ein del beitedyr, og du passerer fleire grinder. Det er viktig at du let desse att etter deg.