star
star
star
star
star

Hammaren - Grønrimb

Skildring av tur Frå Hammaren går du først 200 m gjennom skog, seinare mykje på fjell. Flott utsikt ut og inn Hardangerfjorden ved kanten av Langedalen og på toppen av Domben. Du går inn til hytta...

Praktisk info

Enjoy-kode: 163962
Følg vegen sørover frå Jondal sentrum. Etter ca. 5,5 km kjem du til ei rundkøyring. Ta første veg til høgre i rundkøyringa, og køyr 11,9 km til Hammaren. Her er det infotavle og turskilt mot Grønrimb på venstre sida av vegen. Har du bil, parkerer du ved skiltet. Parkering på eige ansvar.
Type
Turer
Passer for
Eldre, Voksne, Ungdom, Barn
Varighet
30 minutter
Lengde
4.9 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Skildring av tur

Frå Hammaren går du først 200 m gjennom skog, seinare mykje på fjell. Flott utsikt ut og inn Hardangerfjorden ved kanten av Langedalen og på toppen av Domben. Du går inn til hytta på Domben, og i småkupert terreng forbi Storafjell. Så er det litt ulendt ned til eit stikryss. Her er det skilta Grønrimb og Gausvik. Du går møt Grønrimb, og etter kort tid er du på stølen Grønrimb. Frå Grønrimb er det fire andre ruter ned att til hovudvegen. Det er også umerka sti austover mot Daurmålsdalen.

Råd for turen

  • Ta med mat, drikke og vindtette klede.
  • Du bør ha fjellstøvlar, men har det vore tørt ei stund kan du også bruke joggesko.
  • Mobildekning er ikkje god på heile turen.
  • Vi anbefaler kart og kompass, ev. GPS.
  • Det er bandtvang 1. april – 20. august.
  • Det er forbode med open eld i skog og mark 15. april - 15. september.
  • Til fots kan du ferdast fritt i utmark, men ver varsam og ta omsyn til dyr og fuglar, og til naturen elles. Ikkje kast søppel.