star
star
star
star
star

Halvgjerda og Slåttestøylen

Halvgjerda er ein flott avrunda topp på 856 moh. Fjellet byr på flott utsikt mot Kvamshestane i Gaular i vest, byfjella i Førde, grendene på Eikås, byggefelta på Vassenden og Jølstravatnet. Du...
Foto: Anne Cecilie Kapstad

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 809527
Ta av frå E39 mot Slåtten/Slåttene. Rett etter du tek av E39 køyrer du over ei smal bru over elva Jølstra. Køyr nokre hundre meter på grusveg mot austlegaste gardane på Slåttene.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
3 timer
Lengde
3.5 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Halvgjerda er ein flott avrunda topp på 856 moh. Fjellet byr på flott utsikt mot Kvamshestane i Gaular i vest, byfjella i Førde, grendene på Eikås, byggefelta på Vassenden og Jølstravatnet.

Du startar ved gardane på Slåtten, der du først går på eldre skogsveg det første partiet mot Slåttestøylen. Det er flott sti å gå på heile vegen til støylen. Siste partiet før støylen er det eit kort parti der det er litt bratt, og det er nokre sva, som kan vere litt glatte når det er vått i terrenget. Flott utsikt mot Vassenden frå støylen. Stien går vidare mot sør i ganske flatt og lett terreng inn Slåtteskaret. Når du startartar på stigningen i retning vest, får du utsikt mot vatnet på Holsen. Vel oppe på toppen av Halvgjerda ventar ein nydeleg varde på deg, samt ei flott utsikt!

Turen tek kring 1,5 til 2 timar opp. Flott og lett terreng å gå i.