star
star
star
star
star

Håheimsfjellet

Håheimsfjellet byr på nydeleg utsikt over Jølstravatnet, Kjøsnesfjordbrua, Grovabreen, Stardalen, Jostedalsbreen, Skjorta og Breimsvatnet. Med andre ord ein tur med mange vakre utsiktspunkt og...
Foto: Anne Cecilie Kapstad

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 562757
Om du startar turen slik denne ruta er spora tek du av E39 ved Panorama Camping. Om du startar turen ved å gå starten av turen slik den er spora til Fyglastøylen parkerer du på Skei.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Ungdom, Eldre, Barn
Varighet
5 timer
Lengde
9.3 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Håheimsfjellet byr på nydeleg utsikt over Jølstravatnet, Kjøsnesfjordbrua, Grovabreen, Stardalen, Jostedalsbreen, Skjorta og Breimsvatnet. Med andre ord ein tur med mange vakre utsiktspunkt og naturopplevingar!

Denne ruta er spora med start ved Panorama Camping. Denne ruta var fjelltrim i 2017. Etter eit stykke kjem du inn på ruta frå Skei til Fyglastøylen. Denne ruta er lagt ved i lenka under. Den sistnemnde stien frå Skei sentrum er tydelegare, ligg litt slakare til i terrenget og er generelt betre å gå på enn stien opp frå frå Panorama.

Etter at du er komen over skoggrensa er den vanlegaste ruta å gå opp til Fyglastøylen og opp sida/botnen mot Håheimsfjellet. I dette sporet er denne ruta spora som nedstigning, men kan også nyttast som rute opp.

I denne skildringa har eg laga eit spor slik at du kan ta turen som ein rundtur. For å gå rundturen tek du av stien omlag der stiane frå Skei og Panorama kryssar kvarandre. Dette er like før du kryssar Haugaelva på veg mot Fyglastøylen. Når du har tatt av stien går du eit parti utan sti i myrlendt terreng i retning mot ryggen av ryggen på 771 moh. I det du startar på oppstigninga av ryggen finn du restar av ein sti, som i starten går bratt oppover ryggen. Når du kjem opp følgjer du ryggen innover mot toppen av Håheimsfjellet. På eit punkt kjem du inn att på stien som kjem opp frå Fyglastøylen. Herifrå går du mot toppen.

Sidan det i løpet av åra har vore ulike fjelltrimpostar, med ulike ruteval opp og ned på fjellet, er det både gamle og nye raude merker.