star
star
star
star
star

Gytri - Yri

Parkering på plassen ved gapahuken rett over vegen for Olden Camping. Første del av turen går på gardsveg frå campingplassen til tunet. Frå tunet går turane vidare på skogsveg og sti. Eit stykke...

Praktisk info

Enjoy-kode: 885297
Type
Turer
Passer for
Voksne, Eldre, Ungdom, Barn
Varighet
1 time
Lengde
2.7 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Parkering på plassen ved gapahuken rett over vegen for Olden Camping. Første del av turen går på gardsveg frå campingplassen til tunet. Frå tunet går turane vidare på skogsveg og sti. Eit stykke etter tunet kjem ein til eit kryss, der turen til Yri går til venstre, medan turen til Gytrisetra og Gytrifossen går rett fram. Følg skiliting.

For å gå turen til Yri må du gjennom eit område med stor fare for snøras vinterstid. Fonna kan også gå ei god stund utover våren. Forhøyr deg difor gjerne med lokalbefolkninga om det er trygt å gå denne turen. Turen til Yri er utan noko særleg stigning. Undervegs må du krysse elva Fossvega, men dette brukar å vere problemfritt så lenge det ikkje er spesielt stor vassføring. På Yri kan du velje å gå same vegen tilbake, eller følgje bilvegen tilbake til Gytri.