star
star
star
star
star

Grytenuten

Turen byrjar frå Kjølvikstølen grendahus, der ein fyrst velgjer vegen langs med eit lite bustadfelt mot skogen. Snart kjem ein til ei grind, der ein tek inn til ventre og sjølve turstien byrjar....

Praktisk info

Enjoy-kode: 952240
Frå vegkryss på Ropeid, fylgj skilt mot Hebnes og Marvik. Fylgj vegen 19 km, til skilt med "Turløype" og "Grendahus" på. Fylgj desse skilta og ta av mot høgre. Ein vil nå sjå Kjølvikstølen grendahus, der det er romsleg med parkering.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Barn
Varighet
4 timer
Lengde
4.8 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen byrjar frå Kjølvikstølen grendahus, der ein fyrst velgjer vegen langs med eit lite bustadfelt mot skogen. Snart kjem ein til ei grind, der ein tek inn til ventre og sjølve turstien byrjar. Løypa er godt merka og skilta herfrå. Eit par stader vil ein sjå at løypa ikkje fylgjer den styrste stien eller vegen, så vær oppmerksom på dette og fylgj merkinga inn på dei rette avstikkarane. Merkinga er tett, så det er enkelt å finna tilbake til den rette stien, om ein skulle koma ut av kurs.

Fyrste halvdel av oppstigninga blir gradvis brattare, men det er ikkje verre enn at tempoet reduseras litt og ein kanskje må ty til nokon høge kneløft. Når det byrjar å flate ut noko kjem ein til ein kort avstikkar med eit flott utkikkspunkt. Der kan ein skimta Vindafjorden, sjå områda rundt Grytevatnet og delar av Sandsfjorden.

Skogen avtek vidare, etterkvart som ein nærmar seg tregrensa. Delar av stien går over bergpartier, så igjen må ein vere litt oppmerksam om ein vil fylgje merkinga. På 560 moh. passerar ein Kroksvatnet, som dessutan er ein ypperleg stad for ein dukkert ein varm sumarsdag

Vidare er landskopet åpent og for det meste lettgått. Toppen av Grytenuten nås på 862 moh, der ein på gode dagar påskjønas med ei fantastisk utsikt til mellom anna Stavanger, Utsira, Ryfylkebassenget og Folgefonna. Ein staseleg varde kler den flotte utsikta godt.

Det skal også vere ei rute opp til toppen, på vestsida av fjellet.