star
star
star
star
star

Grytadalen - Slettevarden

På grunn av anleggsarbeid kan du ikkje ta denne turen Tur på fjellet frå Grytadalen, her er det fint fjellterreng. Turen er ein naturoppleving og kan gje mange fine minner om dyreliv, planter og...

Praktisk info

Enjoy-kode: 516880
Køyr opp Grytadalen til Magnhildskartunnelen på FV 614. Start ved den nederste parkeringsplassen på venstre side.
Type
Turer
Passer for
Eldre, Voksne
Varighet
2 timer
Lengde
4.6 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

På grunn av anleggsarbeid kan du ikkje ta denne turen

Tur på fjellet frå Grytadalen, her er det fint fjellterreng. Turen er ein naturoppleving og kan gje mange fine minner om dyreliv, planter og fiskeoppleving (sommartid og husk å kjøpe fiskekort). Terrenget er lett å gå. Du treng ikkje gå på alle toppane for å få fin utsikt, du får ei flott utsikt berre ved å vandre rundt i terrenget.

Tar du turen opp på toppane er det flott utsikt ut mot Alden og Bulandet, øyriket utanfor Florø og nord til Hornelen. Ein har også fin utsikt innover fjellheimen, der Haukåbøra / Børa stikk seg majestetisk opp.

Det er merka løype vestover fjellet til Årebrot, del av Flora Turlag si rute frå ”Hav til Bre”. Stien startar på avkjørsla før ein kjem opp til parkingsplassen ved tunnelen i Magnhildskaret som ligg ca 400 høgt . På plassen er det informasjonstavle. Like ved vegen ligg første fiskevatnet, Kupevatnet. Området er vokse til av ein del fjellbjørk, krattskog. Litt lenger vest deler stien seg. Hald til venstre og du fortset og får Langevatnet på høgre side og Rundevatnet på venstre side. Vidare rett fram er opp til Akslaskaret. Er ein litt sliten etter oppoverbakken, gløymer ein fort det, når det fine naturterrenget vestover opnar seg etterkvart som ein kjem gjennom skaret.

Frå Akslaskaret kjem du først til Pollaslettene og videre over på Mullislettene.

Til Mullislettenen går du på den merka ruta som går til Årebrot og her tar ein til venstre og opp på Slettevarden. Her er det ikkje merka løype, men det er berre å følgje ryggen opp.

Det er skilt som viser der du tar av stien mot Slettevarden. Videre er det skilta og varda mot toppen.

Det er turbokkasse.

Slettevarden er 697 moh.

Slettevarden er også flott som skitur.

Fellesallmenning og naturforvaltning. Heile området mellom Grytadalen og Årebrot / Botnane blir forvalta av eit felles grunneigarlag med styre, der alle grunneigarane i området står bak. Laget organiserer interessene for grunneigarane og samarbeider med det offentlege om ei felles naturforvaltning og tilrettelegging av fjellområdet.

Dyreliv Området har eit stort og variert dyreliv. Her er hjort, rev, mår, mus, ryper, sporvar, måker, ørn og mange fleire. Det er spesielt mykje hjort i området.

Geologi og kart Heile området ligg innafor det som blir omtala som bergarta Devon. Dette er ei bergart som er danna for 400-360 mill. år sidan og består av sandstein. Sandsteinen er herda elvesand og konglomerat, herda steinur, rullesteinar og grus. Forkastingar gjer at fjellet heller austover og det er ofte bratte fjellsider mot vest. Dette gjer at ein må ofte gå lange omvegar for å komme eit lite stykke mellom to vatn for eksempel. Det vil vere ein fordel å ha kart for området med når ein planlegg og skal gå tur i dette området.