star
star
star
star
star

Grytadalen - Holten/Akslaholten - Rundevatnet. Rundtur

På grunn av anleggsarbeid kan du berre ta turen opp på Holten/Akslaholten og ikkje gå ned på vestsida som rundturen viser. Tur på fjellet frå Grytadalen, her er det fint fjellterreng. Turen er ein...

Praktisk info

Enjoy-kode: 340680
Kjør opp Grytadalen til Magnhildskartunnelen på FV 614. Start ved den nederste parkeringsplassen på vestre side.
Type
Turer
Passer for
Barn, Eldre, Voksne
Varighet
3 timer
Lengde
6 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

På grunn av anleggsarbeid kan du berre ta turen opp på Holten/Akslaholten og ikkje gå ned på vestsida som rundturen viser.

Tur på fjellet frå Grytadalen, her er det fint fjellterreng. Turen er ein naturoppleving og kan gje mange fine minner om dyreliv, planter og fiskeoppleving (sommartid og husk å kjøpe fiskekort). Terrenget er lett å gå. Du treng ikkje gå på alle toppane for å få fin utsikt, du får ei flott utsikt berre ved å vandre rundt i terrenget.

Tar du turen opp på toppane er det flott utsikt ut mot Alden/Bulandet, øyriket utanfor Florø og nord til Hornelen. Ein har også fin utsikt innover fjellheimen, der Haukåbøra / Børa stikk seg majestetisk opp.

Det er merka løype vestover fjellet til Årebrot, del av Flora Turlag si rute frå ”Hav til Bre”. Stien startar på avkjørsla før ein kjem opp til parkingsplassen ved tunnelen i Magnhildskaret som ligg på ca 400 høgdemeter. På plassen er det informasjonstavle. Like ved vegen ligg første fiskevatnet, Kupevatnet og området er vokse til av ein del fjellbjørk, krattskog. Litt lenger vest deler stien seg. Vel du å gå mot venstre, kan du gå fram til Rundevatnet og Klauvestølen. Litt lenger nede ligg Keipevatnet. Fortset du rett fram har du Langevatnet på høgre side og Rundevatnet på venstre side. Det er ein motbakke opp til Akslaskaret. Er du litt sliten etter oppoverbakken, gløymer du fort det, når det fine naturterrenget vestover opnar seg etterkvart som du kjem gjennom skaret.

Holten/Akslaholten er 640 moh