star
star
star
star
star

Grytadalen - Dyrelifjellet, 667 moh Rundtur

Turen startar frå den nedre parkeringsplassen nedanfor Magnhildskartunnelen, 400 moh. Følg merka løype til du kjem til skiltet som viser til Klauvekeipen. Det er eit tråkk som er skilta og varda på...
Foto: Arnfrid Bergheim

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 717737
Kjør opp Grytadalen til Magnhildskartunnelen på FV 614. Start ved den nederste parkeringsplassen på venstre side.
Type
Turer
Passer for
Eldre, Voksne, Barn, Ungdom
Varighet
30 minutter
Lengde
4.5 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Turen startar frå den nedre parkeringsplassen nedanfor Magnhildskartunnelen, 400 moh. Følg merka løype til du kjem til skiltet som viser til Klauvekeipen. Det er eit tråkk som er skilta og varda på austsida av Dyrelifjellet, 667 moh. Ved retningsskiltet tar du av til venstre og held høgda utover i sørleg retning. Gå med jevn stignig. Etter litt ser du ein varde i himmelsjå. Gå mot den. Følg vardinga vidare frå den og utover til du ser varden på Dyrlifjellet. Her er ikkje sti, men det er delvis sauetråkk. Gå til sørlegaste topp med ein lav varde på. Herifrå ser du vidt omkring og ned mot Klauvestølen og dei tre vatna frå sør Keipevatnet, i midten Rundevatnet og i nord Langevatnet. Gå litt nordaust på veg ned til du kjem til varden som du såg i himmelsjå. Følg tråkket tilbake og du kjem snart til den tydelege stien ned mot parkeringsplassen.

Turen på ski kan ein gå same rute, men startar frå øvre parkeringspplass i Grytadalen ved Magnhildskartunnelen.