star
star
star
star
star

Gruvelistigen i Grimsdalen, Dovre

Om Gruvelistigen: Gruvlistigen er ein natur- og kulturstig som startar øvst i setergrenda Tollevshaugen i Grimsdalen og tar deg med til Grimsdalsgruva og områda omkring. Her kan du oppleve...
Foto: Steinar Tolf Jacobsen

Praktisk info

Enjoy-kode: 885162
Privat bomveg gjennom Grimsdalen frå Folldal/Fallet eller Dovre. Stigen startar ved parkeringsplassen (P) og informasjonspunkt på Tollevshaugen, ca. 39 km frå Dovre tettstad og ca. 11 km frå Fallet. Det er skilta til Tollevshaugen/Tollevshaugsetra frå Grimsdalsvegen. Det er parkering ved seterområdet. Grimsdalsvegen opnar vanlegvis 5. juni kvart år.
Type
Turer
Passer for
Barn
Varighet
3 timer
Lengde
7.3 km
Vanskelighetsgrad
Enkel
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Om Gruvelistigen:

Gruvlistigen er ein natur- og kulturstig som startar øvst i setergrenda Tollevshaugen i Grimsdalen og tar deg med til Grimsdalsgruva og områda omkring. Her kan du oppleve interessant natur og kulturhistorie i fint terreng. Her er eit meir enn 250 år gamalt gruveområde, her finn ein variert natur med fleire karakteristiske terrengformasjonar frå slutten av siste istid, og her er spor etter gamal fangstkultur og gammal bruk av området.

Turbeskrivelse:

Stigen er merka med små pålar med raude merke. Nokre stader der ein stig skil seg frå den raude, er den skilta og er merka i terrenget. Ein del av pålane har nummer som refererer seg til omtale av 15 tema og punkt i eit informasjonshefte, se lenke under. På 5 utvalde punkt er det i tillegg sett opp informasjonsskilt i terrenget som utfyller teksta i heftet.

Ein kan velje om ein vil gå 8 km eller kutta av sløyfa med ein beinveg ved gruveområdet, slik at stigen blir berre 5,5 km lang. Stigen går i nordvestleg retning frå parkeringa på Tollevshaugen. Start ved å følgje den gamle vegen som går over fjellet til Folldal. Etter vel 1 km langs denne vegen går stigen ut i terrenget. Følg dei raude pålane. Innkomsten etter turen passerer Tollevshaugkyrkja som er ein markert bergformasjon. Her er det fint å ta ein avstikkar for å fin utsikt over Grimsdalen og Rondane.

Seterområdet på Tollevshaugen ligg flott til med panoramautsikt til Rondane mot sør og vestover utover Grimsdalen.

Overnatting i nærheten:

Grimsdalshytta: www.grimsdalshytta.dnt.no

Bergseng seter: www.bergsengseter.no

Vill-campen nedenfor Grimsdalshytta