star
star
star
star
star

Grovanipa og Sægrovstøylen- rundtur

Eg vågar å påstå at Grovanipa er eit av dei mest fotograferte fjella i Jølster. Mang ein turist og jølstring har stått på Kjøsnesfjordbrua og retta linsa innover fjorden, der Grovanipa er den mest...
Foto: Anne Cecilie Kapstad

Bilder

Praktisk info

Enjoy-kode: 329861
Frå Kjøsnesfjordbrua køyrer du mot Sunde og Sægrov langs sørsida av vatnet ved Kjøsnesfjorden.
Type
Turer
Passer for
Barn, Voksne, Eldre, Ungdom
Varighet
4 timer
Lengde
7.6 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Eg vågar å påstå at Grovanipa er eit av dei mest fotograferte fjella i Jølster. Mang ein turist og jølstring har stått på Kjøsnesfjordbrua og retta linsa innover fjorden, der Grovanipa er den mest markante av toppane. Grovanipa er også eit godt dokumentert fjell av Nikolai Astrup, som måla mange motiv frå Sunde.Grovanipa er definitivt verdt eit besøk av deg som likar å gå i motbakkar. Frå vatnet og til toppen får du ein motbakke med ca 30-35 gradar helling i nesten 1000 høgdemeter! Utsikta du får i premie etter bakkane er upåklageleg.

Turstart på Sægrov der du går på tydeleg sti opp til Sægrovstøylen. Her finn du bok i postkasse som heng på ein av murane etter eit sel. Sidan du ikkje finn vatn oppover mot Grovanipa er det lurt å fylle flaskene på støylen. Frå støylen går du "rett opp" mot nipa. Stien slynger seg oppover, og er relativt tydeleg heile vegen opp. Det er bratte bakkar opp, men stien ligg fint til, og det er berre eit par stader der du må nytte hendene litt. Det er heller ingen stader der det vert luftig. På veg opp har du god utsikt rett mot Kjøsnesfjordbrua.

Frå toppen går du i sørleg retning mot Langeheia, og går i vestleg retning ned att mot dalføret som fører deg attende til støylen. Frå toppen av Grovanipa og ned til dalføret er det mange parti der stien er lite synleg. Terrenget er lett og fint å gå i heilt til du nærmar deg elva. Her må du forbi eit litt vått parti der du også må runde nokre svaberg. Ned dalen går det tydeleg sti langs elva attende til støylen.

Fjellvandte som er vandt med motabakkar går turen opp på nipa på kring 1 t og 15-30 minutt, og klarar heile runda på kring 3 timar. Sidan det er jamt bratt stigning vil enkelte, som ikkej er så røynde, kanskje nytte doble tida både opp og rundt runda. Turen er merka med raudt (krevande) pga. at det er ein jamt bratt tur, samt at det er behov for kunnskap om kart og kompass dersom du går turen i dårleg veir.