star
star
star
star
star

Grov Uførefjellet - rundtur

Uførefjellet har navnet sitt frå den fråflytta garden Uføre som ligg ved Norddalsfjorden nordvest for Uførefjellet. Fjellet blir og kalt Sundefjellet og er ein langstrekt åsrygg som går øst-vest...

Praktisk info

Enjoy-kode: 105326
Ta av frå Rv 5 til Fv 614 mot Bremanger/Svelgen og parker ved trafostasjonen på Grov på venstre side av vegen.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Eldre, Barn
Varighet
3 timer
Lengde
5.7 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst, Vinter
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Uførefjellet har navnet sitt frå den fråflytta garden Uføre som ligg ved Norddalsfjorden nordvest for Uførefjellet. Fjellet blir og kalt Sundefjellet og er ein langstrekt åsrygg som går øst-vest mellom dei to fjordane Eikefjorden på sørsida og Norddalsfjorden i nord. Den er skogvokst med furu øverst. På den bratte sørsida er det bjørkeskog i aust og varmekjær lauvskog i vest. På nordsida finst mykje bjørkeskog med innslag av furu og granplanting. Ved trafostasjon på Grov går ein på nord sida og følgjer gjerdet til ein kjem til eit stiskille. Ta stien som tar av til venstre og følg berga oppover. Når ein kjem på høgda ser du der stien går vidare. Først ned i ei dump der det er eit stiskille, men gå vidare på stien rett fram der berget kjem fram. Utover har ein utsikt til Norddalsfjorden. Vidare går ein på stien som skrår litt oppover. Ein får ei strømlinje på høgre side. Gå vidare på stien og litt lengre framme kjem ein til eit nytt stiskille. Følg stien til venstre og snart kjem du inn i skogen. Der går det sti/hjortetråkk. Følg dette vidare utover og det skrår litt oppover. Etter ei stund får du master på venstre side, gå opp mot høyden og ein møter ei myr. Gå over myra på høgre sida og ein møter stien som ein følger til høgre vidare utover. Då er ein ikkje langt frå toppen på Uførefjellet 310 m. Går ein vidare utover kjem ein til utkikkspunktet. Her har ein utsikt over øyane og Florø. På ein trestamme heng turbokkasse. Returen tar ein ved og følgje stien tilbake. Går over myrer og gjennom skog. Når du kjem over bakketoppen og ut av skogen, opner landskapet seg og du ser innover Eikefjorden. Eit stykke nedi bakken er det oppbygd ein steingrunn på venstre side av stien som det har stått ein stolpe i. Her er det ein sti som tar av til høgre. Følg den og ein kjem ned på kanten og ser ned til Leversundet og Helgøya. Følg denne stien vidare til den går inn i skogen og over til trafostasjonen.

Høgde 70 - 310 moh