star
star
star
star
star

Grotnes - Grønrimb

Skildring av tur Frå Grotnes, gå innom tunet og gjennom ei grind. Det er skogsterreng på første del av turen, til du har passert ein støl (Smaladalen). Du kjem så til eit meir ope fjellterreng og...

Praktisk info

Enjoy-kode: 813986
13,6 km sør for Jondal sentrum (vegen mot Hesvik) kjem du til Grotnes. Her er det på høgre sida av hovudvegen turskilt (Grønrimb). Har du bil, finn ein plass ved avkjørsla eller oppe i tunet. Ved parkering i tunet, avtal plass med dei som bur der. Parkering på eige ansvar.
Type
Turer
Passer for
Voksne, Barn, Ungdom, Eldre
Varighet
4 timer
Lengde
3.9 km
Vanskelighetsgrad
Middels
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Skildring av tur

Frå Grotnes, gå innom tunet og gjennom ei grind. Det er skogsterreng på første del av turen, til du har passert ein støl (Smaladalen). Du kjem så til eit meir ope fjellterreng og får fin utsikt ned på fjorden. Du er no om lag halvvegs, og terrenget vert flatare, men litt myrlendt. Du passerer Lomavatnet før det vert bratt ned til Vesla Raunlivatnet. (Ved vatnet kan du gå ned til Kysnes) Gå mot Grønrimb. Då kjem du ned til Stora Raunlivatnet, og det er ikkje langt att til stølen Grønrimb. Frå Grønrimb er det fire andre ruter ned att til hovudvegen. Det er også umerka sti austover mot Daurmålsdalen.

Råd for turen

-Drikke finn du i bekkar undervegs

  • Mobildekning er god på det meste av turen
  • Du bør ha fjellstøvlar, men har det vore tørt ei stund kan du også bruke joggesko
  • Ta med vindtette klede, og mat på lengre turar
  • Vi anbefaler kart og kompass, ev. GPS
  • Det er bandtvang 1.april – 20. august
  • Det er forbode med open eld i skog og mark 15. april - 15. september
  • Til fots kan du ferdast fritt i utmark, men ver varsam og ta omsyn til dyr og fuglar, og til naturen elles
  • Ikkje kast søppel
  • Turistinformasjonen kan gi opplysningar om fiske og kjøp av fiskekort