star
star
star
star
star

Grøndalen - Svartedalen til Ålfotbreen

Start turen frå parkeringsplassen ved Grøndalsvatnet, gå vidare til enden av vegen og på gardsveg austover frå tunet i Grøndalen. Drei til venstre forbi minikraftverk og hytte, og gå ca.170...

Praktisk info

Enjoy-kode: 161562
Kjør til vegs endes inne i Norddalsfjord på fylkesvei 544 og opp til Grøndalen
Type
Turer
Passer for
Voksne, Eldre
Varighet
5 timer
Lengde
9.6 km
Vanskelighetsgrad
Krevende
Sesong
Vår, Sommer, Høst
Kilde
Nasjonal Turbase/UT.no

Sponsede linker

Omtaler

Turbeskrivelse

Start turen frå parkeringsplassen ved Grøndalsvatnet, gå vidare til enden av vegen og på gardsveg austover frå tunet i Grøndalen. Drei til venstre forbi minikraftverk og hytte, og gå ca.170 høgdemeter bratt opp i vestenden av Svartedalsskora. (Svartedalsskora er den første hylla nord for Storelva.) Følg skora vidare inn til Svartedalsvatnet. Gå langs vatnet på venstre side. Ved enden av vatnet drei til høgre og kryss elvane som kjem frå Blåbreen i nord. NB! Desse elvane er iskalde og kan vere store og vanskelege å krysse. Drei opp bakkane austover mot Trongedalen eit stykke nord for, og ganske høgt over Trongedalselva som renn ganske djupt nede i eit gjel. Hald fram ganske høgt over, og til venstre for elva til eit todelt vatn inne i dalen. Vanlegvis kan ein hoppe over på det smalaste punktet mellom dei to delane av vatnet. Hald fram vidare austover dalen og drei mot nord, seinare nordvest, opp den første store hylla som går frå breen og ned i Trongedalen. ( Dersom du i staden for å dreie mot nord, held fram austover, kjem du over til Straumsbotnen i Hyen.) Frå brekanten gå om lag rett nordover til toppen av breen. Bruk tau! Broddar er oftast nødvendig seint på sommaren.

Truleg har breen no smelta så mykje at det også kan vere mogeleg å gå på fast fjell mellom breen i aust og det høge stupet i vest.

NB! Viss ein går motsett veg, frå toppen av Ålfotbreen og ned mot Trongedalen, er det svært viktig å gå langt nok aust, slik at ein kjem ned i rett hylle. Prøver ein å gå ned den vestlegaste hylla, sett frå toppen, kjem ein fram på livsfarlege høge stup mot Trongedalen. I så fall må ein snu og gå nordaustover og opp i neste hylle. Kjem ein ei hylle for langt aust, er det derimot ingen problem, der kjem ein greitt ned.

Turen er teikna inn og er ei rettesnor